Gå til sidens hovedinnhold

Sjøkabel-brotet vanskelegare å fikse enn antatt

Onsdag opplyste Telenor i ei pressemelding at dei mistenkte brot på ein sjøkabel mellom Måløy og Berle. Sjøkabelskip frå Bergen blei rekvirert og var framme i går.

No melder dekningssjef Bjørn Amundsen i Telenor at brotstaden funnen.

– Den ligg på nesten 250 meters djupne. Og det vil seie at vi ikkje kan sende dykkarar ned som planlagt. Men vi har fått tak i ein fjernstyrt miniubåt, ein ROV. Det siste eg fekk vite var at det fekk tak i den klokka 12, så eg framleis optimist på at feilen blir retta i dag, seier Amundsen til Firdaposten.

I følgje Marine Traffic ligg Nordkabel ved brotstaden på nordsida av Gangsøya mellom Bremangerlandet og Måløy.

Kommentarer til denne saken