Sola overvann havskodda og den svale solgangsbrisen sytte for at det var både varmt og insektfritt i sjøbumiljøet i Smørhamn Handelstad. Manus og regiforfattar Tor Karseth sitt historiske spel om livet ved havet på Steinset for 100 år sidan blei første gong framført i 2019 og spelet framstår som finpussa og godt foredla no i sitt fjerde år.

Som vanleg har vêrmeldingane vore vekslande siste dagane, men då sola braut gjennom på føremiddagen var det mange som bestemte seg for å ta turen. Årets regissør, sufflør, inspirator og produsent Grete Berntzen måtte til å stue publikum på tribuna for å få plass til alle.

Tor Karseth, far til den kjende artisten Frida Ånnevik, har levert songtekstar og melodiar til over 70 musikkteater kring om i landet. Mest kjent er han nok for «Den levande skogen» og spelet på Nordfjordeid «Elskhug og eksis». Ein av styrkane til Smørhamn-spelet er nettopp musikken og songane. Variert og stemningsfullt og ikkje minst godt framført av kapellmeister Jarle Grotle, Raimund Hoclas og Hans-Kristian Holthe.

Det andre ein bit seg merke i er kor trygge og dyktige dei unge songararane er, heilt frå dei aller yngste til hovudrolleinnehavarane, Åsmund Melvær Vadøy, Bertine Edvardsen og Oline Strand Senneset. Og ikkje minst, fungerte dei humoristiske «punsjlinjene» veldig bra, godt dokumentert med ein del latterkuler blant publikum.

Bildeserie

Strålande «Bella, Solla og Per»

Dei vakre songduettane pirra tårekanalane til mange, og trigga nostalgi og gamle minne frå eigen oppvekst.

På den andre sida kan drivet i sjølve spelet til tider bli bremsa litt ned av for mykje detaljar. Utabygds folk kan gjerne fall ut til tider, men heng nok godt med likevel i handlinga.

Musikkteateret Bella, Solla og Per i Smørhamn den 25. juni.