Gå til sidens hovedinnhold

Sjark har gått ned i Kinn

Klokka 18.21 melder 110 Vest på Twitter at ein sjark på om lag 14 meter skal ha gått ned i Kinn. Alle om bord skal ha komme seg på land, og brannvesenet er på veg.

Vest Politidistrikt melder det same berre nokre minutt seinare, med litt meir informasjon.

Det er snakk om ein type arbeidsbåt. Det var fire personar om bord, og alle fire har komme seg på land og er melde uskadd. Politiet er også på veg.

Dette skjedde ved Verlo på Måløy i eit område med ferjetrafikk. Ferjeoperatøren blir informert om hendinga av hovudredningssentralen, melder Firda.

Arbeidsbåten skal ha om lag 10.000 liter diesel om bord.

Båten har gått ned, men halve delen er synleg over vassflata, melder Politiet i ein oppdatering. Det blir jobba med å legge ut lenser rundt båten for å hindre forureining.

Førebels er det ingen informasjon om kva som er årsaka til ulykka.

Kommentarer til denne saken