Sjå videoen til barnehagane ved Svelgen oppvekst

    SVELGEN: Den er allereie i ferd med å gå sin sigersgang på Facebook. No kan du sjå den her på Firdaposten også.

    DEL

    Inspirert av Sykehuset i Vestfold har barnehagane ved Svelgen oppvekst, Svelgen- og Langeneset barnehage, laga ein video som dei håper kan inspirerer andre, og gje håp og glede. Det blir det aldri for mykje av, og vi i Firdaposten er gjerne med å dele det bodskapet.

    Videoen handlar om å vere optimist i desse dagar, og dei har fått løyve av dottera til Jahn Teigen, Sara Skorgan Teigen, til å bruke låte Optimist.

    Dei ansvarlege strekar under at retningslinjene til Folkehelseinstituttet pr. den 28.03.20 vart overheldt under heile innspelinga av videoen.

    Gjengen ønsker med dette også å utfordre andre til å lage sine videoar, for å spreie litt meir optimisme og glede i det som for nokon kanskje er ein litt trist kvardag. Firdaposten oppmodar sjølvsagt alle som tek utfordringa til å sende videoen vidare til oss!

    Artikkeltags