Gå til sidens hovedinnhold

Sjå video: Kva skjer om båten bråstoppar i 20 knop?

På oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Redningsselskapet blei ein skjergardsjeep krasjtesta i 20 knop. Resultatet var skremmande.

20 knops fart svarar til 37 kilometer i timen. Det er ein fart veldig mange fritidsbåtar kan oppnå. No har svenske Testfakta AB gjennomført ein krasjtest av ein båt i denne hastigheita, og ved ein bråstopp blei testdokkene utsett for krefter tilsvarande 12 gonger eiga kroppsvekt

– Eg blei ikkje overraska over dramatikken vi ser ved 20 knop. Men det som bekymrar meg er at mange køyrer mykje fortare enn dette, seier Klaus Hahn, direktør i Testfakta AB.

Løft blikket

Dokkene som blei brukt i testen skal simulere ein vanleg familie på fire, med kroppsvekt på høvesvis 70 og 35 kilo. Høghastigheitskamera gjer eit brutalt innblikk i kva krefter som er i sving. Alle dokkene blir kasta ut av båten.

– Kvart år skjer det alvorlege grunnstøytings- eller kollisjonsulykker med høg fart. Ein del av desse ulykkene skjer ved nedsett sikt i mørket, men det er også fleire eksempel på ulykker som har skjedd på dagtid. Denne testen viser på ein god måte kvifor det er viktig å løfte blikket, vere oppmerksam og avpasse farta etter forholda, seier Lars Alvestad, fungerande sjøfartsdirektør.

Både i år, og i 2020 har det vore rekordsal av fritidsbåtar. Mykje tyder difor på at fleire enn i fjor vil opphalde seg i båt i sommar.

Tilpass farta

Videoen av båten som krasjar i 20 knop er laga som ein del av haldningskampanjen «Løft blikket», der Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Redningsselskapet samarbeider om å redusere talet på ulykker på sjøen.

– Ikkje alle tenker over at det finst fartsgrenser også til sjøs. På filmen ser vi de alvorlege effektane av ein relativt vanleg hastigheit på sjøen. Sørg for å ha oppdaterte sjøkart, løft blikket og tilpass farten i sommar. Last ned appen BåtFart, som helie tida fortel deg kva fartsgrensa er, og som gir deg varsel dersom du køyrer for fort, er rådet frå kystdirektør Einar Vik Arset i Kystverket.

Kommentarer til denne saken