Sjå Michael Krohn frå Sentralen direkte klokka 21.00

LEGENDE: Michael Krohn  med Raga Rockers, her live på Grefsenkollen i 2018. I kveld kan du få han live i din egen stue.

LEGENDE: Michael Krohn med Raga Rockers, her live på Grefsenkollen i 2018. I kveld kan du få han live i din egen stue. Foto:

MUSIKK: Raga Rockers-legenda leverer gamle klassikarar og andre godbitar frå scena på Sentralen i ein sjeldan konsertframføring Direkte på Firdaposten tysdag kveld.

DEL

Vi veit det har vore jobba med å få Michael Krohn til Vesle Kinn i år. Det lét seg ikkje gjere, Krohn er ikkje 22 år lenger og helsa er ikkje kva den var, men for dei som får vatn i munnen av tanken på å høyre Raga-legenda i ein intim setting kan kanskje dette vere eit lite plaster på såret. Her får du Krohn direkte inn i stua di, slik det må vere i disse tider med sosial distansering.

Michael Krohn er ein av landets største rockelegender. Mange vil meine han er DEN største. Karrieren starta han som trommeslager i Kjøtt, på slutten av 70-talet. Han trakk seg etter kvart ut for å starte bandet Raga Rockers, som fekk sin platedebut med The Return of Raga Rockers i 1983.

Raga etablerte seg som eit av dei so kalla «fire store» på åttitalet. Michael Krohn var frontfigur og låtskriv, og leverte norsk rockpoesi som få andre, verken før eller sidan. Raga Rockers var nok ikkje dei som selde flest plater, tente mest pengar, eller hadde flest hits. men påverknaden på andre artistar har vore enorm. Noko som blei synleggjort i 2016 då 139 artistar, 100 forfattarar og 100 teikneserieskaparar hylla Michael og Raga Rockers i 12LP-boksen Sannhet på boks.

Med seg på scenen har Krohn pianisten Geir Bratland (Dimmu Borgir, Apoptygma Berzerk), her blir det med andre ord nakne og nedstrippa versjonar av klassikarar som «Fritt liv», «Slakt», «Hun er fri», «Noen å hate», «Forbudte følelser» og «Når knoklene blir til gelé». Her er det med andre ord berre å rigge seg til i sofaen, og synge med etter beste evne. Dette er norsk rockhistorie!

Amedia har gjort ein avtale med produsentane bak konsertane som går under namnet Koronerulling som gir oss rett til å distribuere alle konsertane deira dette blir den første, og allereie i morgon er det Ingebjørg Bratland som står på scena.

Konserten ser du her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken