Byvandringa og påskenøttene er ved vegs ende. Her er fasit på dei tre siste spørsmåla, og trekninga av dei siste vinnarane.
Takk til alle som har vore med på turen, og sendt inn svar, det har vore kjekt!
- Før kjøpesenteret vårt blei til Amfi Florø var namnet Snorre Senter.
- Senterleiar på Amfi Florø i dag er Dani Winther.
- Parkeringsplassen mellom Amfi og Kulturhuset, som skal rustas opp for to millionar kroner, heiter Jens Helmers Plass.
Alle premiar er trekt, men det er framleis mogleg å vere med på turen og svare på spørsmåla for seg sjølv. Her er alle stoppa på byvandringa vår: