Etter 15 kampar og ein scoring for A-laget til Florø Fotball i 2019 såg eliteserielaget Odd det openberre potensialet i ungguten frå Eikefjord og henta Thomas Hallstensen til Falkum og Odd stadion til 2020-sesongen.
Hallstensen var på den tida også ein del av U17-landslaget, og dåverande Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo samanlikna sin nye signering med klubblegenda Morten Fevang.
Han debuterte i cupen, mot Fram frå Larvik, i august 2021. Elitsereiedebuten kom litt seinare den månaden, han kom inn då Odd tapte 0–1 for Strømsgodset på Skagerak Arena.
Fleire kampar på førstelaget til Odd fekk han ikkje. Seinare den hausten blei han lånt ut til Ull/Kisa, og før 2022-sesongen gjekk han til Egersund i Post Nord-ligaen.
Laurdag kveld blei det klart at Thomas Hallstensen vender heim til Florø Fotball.
– Thomas Hallstensen og Florø Fotball er einige om ein avtale for 2023 sesongen, skriv klubben på sin Facebook-konto laurdag.
Det blir ein solid forsterking i Florø-forsvaret, og det kan dei nok trenge. For i treningskampen mot Førde tidlegare på dagen tapte Florø heile 0–6 for erkerivalane.
Florø møter nettopp Førde heime på stadion i første seriekamp den 10. april.