Gå til sidens hovedinnhold

Sjå kven Florø skal spele mot i serien i år

Florø Fotball møter mange gamle kjenningar i årets PostNord-liga.

For abonnentar

Onsdag blei det klart kven Florø Fotball skal spele mot i årets PostNord-liga. På grunn av koronaen er det ingen lag som har rykka opp frå nivået under, medan Kongsvinger og Øygarden rykka ned frå OBOS-ligaen og er nye i PostNord-ligaen i år. Det betyr at det er stort sett dei same laga i år som i fjor, og avdelingane er også ganske like det som var oppsettet i fjor.

Møter Kongsvinger

Kongsvinger må nok reknast blant opprykksfavorittane. i år. Dei er i Florø sin avdeling. Florø møtte dei sist i OBOS-ligaen i 2018. Heime i Florø blei det siger 1–0 etter eit seint mål av Peter Aase. Men i bortekampen blei Florø knust med 1–5. Luc Jeggo scora trøystemålet.

I tillegg til Kongsvinger er Asker og Bærum nye frå i fjor. Kjelsås og Skeid er plassert i den andre avdelinga, medan Fredrikstad rykka opp i fjor. Resten av laga er lag som Florø møtte i fjor. Slik ser avdelinga ut.

Avdeling 1

  • Kongsvinger
  • Kvik Halden
  • Moss
  • Eidsvold Turn
  • Vålerenga 2
  • Asker
  • Bærum
  • Alta
  • Tromsdalen
  • Senja
  • Fløya
  • Hødd
  • Brattvåg
  • Florø

Det er alltid vanskeleg å spå i PostNord-ligaen. Det er ofte mange utskiftingar i spelarstallane frå år til år, og vanskeleg å vurdere styrken til laga så tidleg som i januar. Skal vi likevel våge oss på ein titt i spåkula peiker Kvik Halden og Hødd seg ut som dei to laga som er nærmast å kunne utfordre Kongsvinger om opprykket.

Bra oppsett for Florø

Dagleg leiar i Florø Fotball, Kim Solheim, peikar på Asker som eit sterkt lag.

– Det er som i fjor. Asker og Kongsvinger er sterke lag som kjem inn. Samtidig blir Skeid og Kongsvinger borte, som er sterke lag vi møtte i fjor. Det er vel ingen som har heilt dei same økonomiske musklane som Fredrikstad hadde i fjor, men vanskegraden er nok ganske lik. Det er denne puljen vi ønska å hamne i, så vi er godt nøgd.

Solheim fortel at belastningsmessig er det betre å få møte laga frå nord, heller enn å måtte planlegge for reiser til laga langt sør i Norge.

– Det er klart at vi kunne plukka eit betre oppsett om vi fekk velje, med Øygarden, Sotra og kanskje Vard Haugesund, i tillegg til Hødd og Brattvåg, men det er ikkje slik det fungerer. No får vi fire turar til nord. Det blir fly, og det er gode samband om situasjonen er normal. Det er mykje meir kronglete å kome seg til laga rundt sørspissen av Norge.

Betre enn i fjor?

Det blir gjensyn med lag som Florø gjorde det bra mot i fjor. Eidsvold Turn og Fløya er lag det bør vere mogleg å legge bak seg på tabellen. Det same gjeld Senja. Vålerenga 2 vil som vanleg vere ustabile, men ligge blant dei nedste laga. Vi meiner Florø bør vere gode nok til å unngå nedrykksstrid, og det er Kim Solheim einig i.

– Vi håper å levere ein betre sesong enn i fjor, og då skal vi nok spele PostNord-fotball i 2022 også, avsluttar Solheim.

Så er det sjølvsagt lov å drøyme om at Florø kan bite seg fast på øvre del av tabellen, og vere med å kjempe om kvalifisering. Eller til og med opprykk til OBOS-ligaen.

Den andre avdelinga i PostNord-ligaen 2021 ser slik ut:

Avdeling 2

  • Øygarden
  • Sotra
  • Vard Haugesund
  • Egersund
  • Arendal
  • Flekkerøy
  • Odd 2
  • Notodden
  • Fram
  • Kjelsås
  • Skeid
  • Nardo
  • Levanger
  • Rosenborg 2

Kommentarer til denne saken