Sjå kven Bremanger og Måløy FK skal møte i Kretsligaen 2020

FOTBALL: Her har Martin Svarstad stanga inn eit mål mot Studentspretten for Bremanger. Dei to laga er i kvar si avdeling i år.

FOTBALL: Her har Martin Svarstad stanga inn eit mål mot Studentspretten for Bremanger. Dei to laga er i kvar si avdeling i år. Foto:

FOTBALL: Vi blir snytt for lokalderbyet mellom Måløy og Bremanger. Våre lokale lag hamna i kvar si gruppe.

DEL

Vi skulle for lengst ha vore i gong med fotballsesongen, men slik er det ikkje. NFF Sogn og Fjordane har bestemt at Kretsligaen, altså 4. divisjon, skal starte opp midt i august. For at sesongen skal gjennomførast på best mogleg måte har dei bestemt seg for å gjere nokre endringar.

Kretsligaen blir delt i to avdelingar, der laga er ranger etter kor på tabellen dei hamna i fjor. Laga speler mot kvarandre i det som blir ein liten miniserie, og når avdelingane er ferdigspelt skal vinnarane i kvar avdeling møtes over to kampar for å avgjere kven som får rykke opp.

Onsdag kveld var det trekning av dei to avdelingane, og dette er resultatet:

Avdeling 1:

  • Vik
  • Dale
  • Syril
  • Måløy
  • Studentspretten
  • Eid

Avdeling 2:

  • Jølster
  • Bremanger
  • Høyang
  • Kaupanger
  • Stryn
  • Førde

Kven, og kor mange som rykker ned kjem an på korleis det går med dei lokale laga i tredje divisjon, men om Bremanger kan halde minst eitt lag bak seg i sin avdeling bør dei vere trygge på spel i Kretsligaen også i 2021. For Måløy FK sin del blir det spennande å sjå om dei kan knive med Eid om å vinne sin avdeling.

Artikkeltags