Sjå Ingebjørg Bratland live frå Sentralen

DIREKTE: Ingebjørg Bratland på scena på Samfunnshuset. No kan du få eit gjensyn med artisten frå Arabygdi direkte på FIrdaposten.

DIREKTE: Ingebjørg Bratland på scena på Samfunnshuset. No kan du få eit gjensyn med artisten frå Arabygdi direkte på FIrdaposten. Foto:

MUSIKK: Du kan også få med deg Kaja Gunnufsen eller Eliot Bronson i timen før Bratland går på scena.

DEL

Det blir livemusikk på Firdaposten også i dag, på ein heilt vanleg onsdag. Ingebjørg Bratland trollbatt samfunnshuset i Florø for berre nokre veker sidan. Dei som vil ha eit gjensyn, eller angrar på at dei ikkje gjekk den gongen, kan sjå og høyre telemarkingen på den skjermen som måtte passe best, heime i sitt eiga hus. Konserten startar klokka 21.00.

Men dette er ikkje den einaste konserten vi har å by på i dag. Timen før, altså mellom 20.00 og 21.00 er det Kaja Gunnufsen som har scena på Sentralen til si disposisjon. Den ser du her:

Samtidig med Gunnufsen går Florø-venn Eliot Bronson direkte på lufta, frå si eiga stue heime i Nashville. Det må du inn på Facebook for å sjå. Vi trekk det likevel fram sidan Bronson skulle spelt på Svanøy om ei dryg månad. Den konserten er førebels ikkje avlyst, men den heng nok i ein tynn tråd. Då kan kanskje denne intimkonserten vere eit lite plaster på såret.

Klikk her for Eliot Bronson.

Artikkeltags