Sjå Fotballstudio: Frode Nybø varslar endringar på laget mot Tromsdalen

Etter å ha starta sesongen med to knepne tap opnar trenar Frode Nybø for at det kan bli endringar på laget mot Tromsdalen på søndag.

DEL

Sesongstarten har ikkje blitt heilt kva dei hadde håpa på. Florø Fotball har rett nok møtt sterk motstand, men to knepne tap er likevel ikkje det dei hadde håpa på før sesongen starta. På søndag kjem det tidlegare OBOS-laget Tromsdalen på besøk til Florø, og då kan det bli endringar på laget.

Eit byte tvingar seg fram. Torkel Aarones måtte gå av bana i Halden med skade. Han spelar ikkje mot Tromsdalen.

– Forhåpentlegvis er det ikkje snakk om meir enn et par veker før han er tilbake, seier Frode Nybø til Bengt Solheim Olsen i denne vekas fotballstudio. På spørsmål om kven som skal kome inn og ta plass på venstrebacken seier Nybø at Eirik Høydal spelte venstreback store deler av fjorårssesongen. I så fall er det kanskje duka for Ådne Midtskogen på høgre back?

Eit anna alternativ kan vere å trekke Christer Husa ut på venstrebacken og la Midtskogen spele i midten saman med Sairinen.

Men det kan bli fleire byter. Nybø seier at det er meir opent i spørsmålet om kven som skal spele no, enn det var før kampen mot Kvik i Halden.

– Det er litt meir opent no enn det var på dette tidspunktet førre helg. Mot Fredrikstad tenkte eg etter kampen at eg ikkje skal gjere for mange endringar, men no er eg litt meir i tenkeboksen i forhold til om vi kan gjere noko som gjer det meir sannsynleg at vi tek tre poeng rett og slett.

Nybø trur på ein tett og jamn kamp, slik dei fleste kampane vil bli i årets sesong, men har også trua på at dei tre poenga blir verande igjen i Florø. Korleis det går får vi vite på søndag. Kampstart klokka 15, og i skrivande stund er det framleis billettar igjen.

Høyr meir om kva Frode Nybø og Vladan Radojkic meiner om seriestarten so langt, og kampen på søndag i Firdaposten og Florø Fotball sitt fotballstudio.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken