Fredag kveld spelar Florø mot Fjøra i Sognahallen. Hallo Sogn TV strøymer kampen, og Firdaposten har fått lov til å dele det som blir årets første treningskamp for de blå og svarte.

Treningskampar på denne tida av året er ofte ein arena der folk på prøvespel får sjansen til å vise seg fram. Denne kampen er ikkje noko unntak. Florø har ein keeper på besøk som skal vise kva han kan i kampsituasjon.

Stjørdals-Blink

– Vi har ein svensk keeper inne. Albin Svensson. Han var i Stjørdals-Blink i fjor, som andrekeeper, og fekk ein kamp i OBOS-ligaen. Han har vore her sidan onsdag, og skal vise seg fram i kveld, fortel Kim Solheim som er dagleg leiar i Florø Fotball.

Om alt går slik dei håpar kan Svensson fort bli Florø sin målvakt i 2022-sesongen. Svensson er 22 år gamal, og har ein fortid mellom anna frå Varberg i Sverige.

Han er den einaste prøvespelaren som får speletid fredag, men Solheim fortel at dei skal ha inn to eller tre spelarar før seriestart. Inkludert ein ny keeper.

Covid-19 og brot i foten

Florø tek med seg ein tropp på rundt 16 spelarar til Sogndal, mange kjende namn frå sesongen i fjor, men det er også nokre namn som manglar. Eit par av spelarane har fått eit møte med covid-29-viruset og har difor fått forsinka starten på sesongoppkøyringa med eit par veker.

– Både Sergio (Oulu) og Dia har hatt covid i løpet av dei siste par vekene. Dei er litt forsinka tilbake, og er ikkje med i dag, seier Solheim.

Derimot får den nye mannen, Szymon Walczak, dra på seg drakta i kamp for første gang. Yonas Larsen, Rodrigo Lima og Nelsinho er tilbake og klare for kamp. Dino Omerovic er med, det same er Even Vetås og Håkon Giæver Gjerstad. Herman Mortensen er i troppen, og Leander Høyvik er fit for fight. Dessutan er Vetle Fiskerstrand tilbake, og ivrig etter å vise seg fram etter at han fekk størsteparten av 2021-sesongen øydelagt av skader.

– Dei oppdaga at han hadde fått eit brot i foten. Han spelte faktisk med knekt fot i fleire kampar i fjor, seier Solheim.

Kamp i Svelgen

To veker inn i sesongoppkøyringa skal ein ikkje forvente noko fyrverkeri i årets første treningskamp. Det blir ei gjennomkøyring, på veg mot noko betre, forklarar Solheim. Så blir det nok gradvis meir alvor når det nærmar seg seriestart. Florø skal spele mange treningskampar før den tid, men dei som gleda seg til å sjå Brann 2 på kunstgraset i Florø neste helg blir skuffa. Den kampen er avlyst.

– Brann 2 hadde ein nasjonal G18-kamp dei ikkje fekk flytta på, så den kampen går ut. G18-laget utgjer nok mykje av stammen i det laget. I staden blir det treningskamp mot Volda i Svelgen neste helg. Så blir det kamp mot Førde den 26. februar, det kan bli spennande, seier Solheim.

Med mindre det blir fleire avlysingar skal Florø også spele mot Brattvåg, Lysekloster og Spjelkavik før alvoret startar opp i april.