No ventar dei tusenvis av nye bilskadar kommande veke, med Black Week og Black Friday.

– Hovudårsaka til auken skuldast fleire bilar på vegane i år enn i fjor. No er det langt mindre heimekontor, og fleire brukar bil for å unngå smittefare ved kollektivtransport. Vi nærmar oss altså normaltilstand også i trafikken, og sjølv om smittetrykket er høgt forventar vi mykje biltrafikk til og frå dei store kjøpesentra neste veke, ikkje minst på fredag. Får vi ein tilnærma normal Black Week som for to år sidan, vil det seie rundt 10.000 bilskadar til ein kostnad på over 200 millionar kroner, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.

Ventar dobling på Black Friday

Forsikringsbransjen registrerte 5521 bilskadar under Black Week i fjor, medan det året før var 9608, til ein kostnad av 216 millioner. På sjølve Black Friday var talet på skadar berre 932, mot 1944 året før.

– Black Friday har tradisjonelt vore ein bulkedag med hundrevis av parkeringsskadar og stressulykker. Trass i at det blir meldt om litt lågare andel fysiske butikkar som skal avhalde Black Friday i år, må vi forvente ein god del biltrafikk, spesielt til og frå dei store kjøpesentera. Fjoråret var eit unntaksår der forsikringsbransjen registrerte under 1000 bilskader på Black Friday, høgst uvanleg. Vi trur talet blir nær dobla i år, og at kostnadane vil ligge i nærleiken av 40 millionar kroner, seier Brandeggen.