Dei bildeseriane fekk lesarane til å klikke

90-TALET: Bildeserien frå utestaden Windjammer er sett av desidert flest Firdaposten-abonnentar i 2019.

90-TALET: Bildeserien frå utestaden Windjammer er sett av desidert flest Firdaposten-abonnentar i 2019. Foto:

Firdaposten sine bildeseriar frå arkivet er svært populære hos lesarane. I 2019 er det bildene frå gamle Windjammer som er desidert mest sett.

DEL

Firdaposten sine abonnentar er glade i bildesamlingar frå fotoarkivet vårt. Det viser trafikkstatistikken for 2019 heilt tydeleg.

Den desidert mest leste saka på Firdaposten.no i heile år - uavhengig av om det er bildeserie eller nyheit, er bildene frå den tidlegare utestaden Windjammer i Florø. Over 6.000 abonnentar har sett desse bilda, og desse har i snitt brukt over fire minutt kvar på å sjå gjennom den.

På andreplass ligg bildeserien frå gamle Victoria hotell og den tilhøyrande utestaden Fru Olsen. Også denne bildeserien slår alle nyheitssakene Firdaposten har produsert i 2019, med sine 5.592 pluss-lesarar, og med ei snittlesetid på heile 7.16 minutt.

Vidare nedover lista er bildeserien Dansemoro på 80- og 90-talet, og bilde frå famle Flora-Bremanger Sparebank. På femteplass kjem den første bildeserien med ferske bilde, det er glimt av folk og doningar i Kjippen 2018.

1.


2.


3.


4.


5.


6.


7.


8.


9.


10.


11.


12.


Artikkeltags