Gå til sidens hovedinnhold

Sjå alle videoinnslaga frå dagens sending

Artikkelen er over 1 år gammel

NASJONALDAGEN: Vi hadde planlagd å sende direkte frå 08.45 til 16. 45. Problem utanfor vår kontroll gjorde at vi måtte pakke saman mellom 12 og 13. Her finn de dei videoane vi viste medan vi haldt det gåande, og dei vi hadde tenkt å vise.

Vi starta sendinga med salutt frå Kalvåg, før Otto Søvig lét kornetten ønske dagen velkommen frå toppen av Brandsøyåsen med Ja vi elskar. Dei videoane kan du sjå her:

Etter dette tok vi turen til Kystmuseet, der Gammen leverte sitt første av to innslag. Nok ein gong var det Ja vi elskar vi fekk høyre, og det i ein gnistrande god versjon.

Neste klipp er ei rekke videoar frå Måløy. Salutt, morgenprosesjon, flaggheising og nedlegging av krans. Vi rakk aldri å redigere klippa saman, så her kjem dei kvar for seg. Til slutt i denne bolken spelar Torskangerpoll Musikklag Marsj nr. 5

Vi kopla oss opp på direktesendinga til BA for å få med eit intervju med Erna Solberg. Det finn du på denne linken: Erna Solberg: Plutseleg bryt Erna ut i song, så kastar dei lokale kjendisane seg på.

Medan vi venta på at bilkortesjen skulle kome til sentrum viste vi nokre klipp frå Eikefjord:

Då var vi komme til klokka 12.00 i programmet, og det var på tide med litt meir Gammen, før Ola Teigen si tale, og eit nytt innslag frå Måløykanten. Måløy musikklag denne gongen.

Så skulle det etter planen ha vore klart for ein av rosinene i 17. mai-pølsa. Bremanger si versjon av Ja vi elskar.

No er vi forbi det punktet der vi mista bilde ut til folket, men planen vidare utover var å vise innsende filmar frå lesarane. Dei kjem i ein eiga sak her på nettavisa. Det same gjer vi med dei klippa vi hadde frå tidlegare feiringar av nasjonaldagen i Florø.

Av faste postar på programmet står att det no å vise Fryd, med Fagert er landet og så talen til ordføraren i Bremanger, Anne Kristine Førde. Her kjem dei videoane.

Den siste bolken i det som skulle ha vore ei direktesending på åtte timar skulle starta med Måløy Musikklag, før vi skulle ta turen opp i Kyrkjeparken for kransenedlegging og eit nytt møte med koret Fryd. Så skulle russen i både Florø og Måløy få sleppe til med sine taler, før Torskangerpoll musikklag skulle runde av det heile.

Så var tanken vår at vi ville runde av det heile slik som vi starta. Med Otto Søvig på toppen av Brandsøyåsen. Denne gangen med nasjonalhymnen Gud signe vårt dyre fedreland.

Kommentarer til denne saken