Ho er ny fylkesleiar i turlaget

Siv Merete Stadheim frå Florø er vald til ny fylkesleiar i Sogn og Fjordane turlag.

DEL

Siv Merete Stadheim frå Florø  vart valt til ny styreleiar på Sogn og Fjordane Turlag sitt årsmøte 26. januar på Thon hotell Skei. Ho tek over leiarvervet etter Marino J. Ask.
 

Siv Merete Stadheim jobbar som lufthamnsjef ved Florø Lufthamn. Interessa for fjellturar vart skapt på Leikanger, der ho vaks opp, og friluftsinteressa er framleis like stor.

Som styreleiar for Sogn og Fjordane Turlag er Stadheim oppteken av eit godt samspel med dei 14 lokallaga rundt omkring i fylket, skriv turlaget i ei pressemelding.

Aktiviteten som lokallaga skapar er den viktigaste av all aktivitet i turlaget. Dette er turar som vert arrangert, løyper og stiar som vert merka, hyttedrift, samt kunnskap som vert formidla om korleis nytte den fantastiske naturen, som vi har kring oss i Sogn og Fjordane.

Stadheim er òg oppteken av at turlaga skal vere ein naturleg samarbeidspart i folkehelsearbeidet. Det er kvardagar det er flest av, og turlaga skal bidra med at alle, i alle aldrar og med ulike bakgrunnar, skal kunne finne gleda av eit enkelt, aktivt og allsidig friluftsliv.

Då lokallaget Florø Turlag trengte ny styreleiar i 2012, var interessa for friluftsliv samt ein del erfaring frå styrearbeid og leiing, bakgrunnen for at Stadheim tok på seg vervet . Dette vervet hadde ho fram til november i fjor.

Siv Merethe Stadheim har mellom anna vore styreleiar for Flora Røde Kors, Sunnfjord Næringsråd, samt nestleiar i Flora industri- og næringsforeining.
Stadheim ser fram til å ta fatt på denne nye oppgåva, som femnar om turaktivitet i heile fylket.

Artikkeltags