Det har forskarar frå NTNU komme fram til, i samarbeid med Elkem.
Og det er snakk om ei auka rekkevidd på opp til 15 mil, i følgje NTNU-professor Ann Marie Svensson. Ho seier det går føre seg ein liten revolusjon i bransjen og viser til at silisium er lett, medan batteripakken til elbilar per i dag er veldig tung.
– Ein jobbar heile tida med å få vekta ned, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.
Direktør Arne Werge Olsen seier etterspurnaden allereie er stor.
– Difor trur vi potensialet er stort.
Frå før blir silisiumet brukt i til dømes smartelefonar og solceller. No kan bruksområdet bli utvida til ein marknad som i åra framover berre vil bli større og større.
– Vi har mange ferjer som brukar slike batteri, og det har byrja å komme i små fly. Etter kvart også i tog og bussar, seier Svensson.
Og så langt i år har 43 prosent av salet av nye bilar vore elektrisk, samstundes som 21 prosent oppgir manglande rekkevidd som argument for ikkje å kjøpe elbil.