- Langt og godt

Bandmedlemmene i Tupelo kosar seg som pulikummarar før dei går på scena.

Bandmedlemmene i Tupelo kosar seg som pulikummarar før dei går på scena.

Artikkelen er over 4 år gammel

Men ikkje så ungdommeleg på ungdomsavdelinga. Sjå bildeserie.

DEL

- Sildebordet er langt og godt, seier Per Øyvind Helle i Byen Vår Florø.

Sjå bildeserie frå årets sildebord.

Etegilde i heile gata

Mannen som elles er å sjå mykje i bybildet, har ikkje vore publikummar på Sildebordet så ofte. Berre dei tre-fire siste åra. Før det har han stort sett vore med i dugnadsgjengen. Sjølv om han ikkje er superglad i siild.

- Det er slik vi vil sjå Strandgata, seier han med eit armsving ut over folkehavet som badar i sol.

- Dette er maksimal trivsel og glede.

Ikkje så ungdommeleg ungdomsavdeling

Vi møter Helle omtrent midt på Sildebordet. Vi kjem frå årets nysatsing, ungdomsavdelinga ytst i Strandgata. Der står det ein DJ og svinger plater, og det blir servert tacosild (årets nykomling på menyen).

"Det er det som skal til for å lokke ungdommane" har nok sildekomiteen tenkt. Men det er ikkje særleg ungdommeleg i ungdomsavdelinga, snittalderen er som på resten av Sildebordet. Sånn omtrent på Helle sin alder, nett runda 50.

- Sildebordet kan aldri bli ei ungdomsgreie, seier Helle når vi utfordrar han litt på at generasjonane sym i flokk.

- Og det er no heller ikkje eit poeng. Det er masse ungdommar innimellom alle dei vaksne, og mange er på tivoliet og ved salsbodene bak scena.

Ubetaleleg glede

Sildebordet er alltid godt besøkt, men når vêret speler på lag slik som i år, blir det ikkje betre.

Gratis sild og gratis musikk gir ubetaleleg glede.

Artikkeltags