Tilrår å overføre fylkets SFE-aksjar til kommunane

DEL

Fylkestinget vedtok i desember 2016 at verdiane som fylkeskommunen eig i Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal bli verande i dagens fylke også etter samanslåinga med Hordaland. Å overføre aksjane til kommunane i Sogn og Fjordane er den beste måten å sikre dette på, konkluderer fylkesrådmannen i si innstilling til fylkespolitikarane.

Fylkesrådmannen har sendt sitt saksframlegg til møtet i fylkesutvalet 3. desember. Fylkestinget skal ta stilling til saka på tingsetet i Fylkeshuset på Leikanger 4. og 5. desember.

3. desember kl 13 vil Lund & Co føredra saka for fylkestinget. Både føredraget og sakshandsaminga vil vere ope for presse og publikum.

Dette er same modell som er nytta i Nord-Trøndelag og i Buskerud. I begge desse fylkeskommunane har ein overført alle aksjane i dei fylkeskommunale kraftselskapa til kommunane i fylka før fylkessamanslåingane.

Artikkeltags