Vil slå saman kraftselskapa BKK, SFE og Hydro

STORT: Om Vestlandskraft blir ein realitet, kan det bestå av 63 kraftverk og produsere 12,1 TWh. Biletet syner linearbeid utført av SFE.

STORT: Om Vestlandskraft blir ein realitet, kan det bestå av 63 kraftverk og produsere 12,1 TWh. Biletet syner linearbeid utført av SFE. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: Det nye selskapet har fått arbeidstittelen Vestlandskraft.

DEL

Ei styringsgruppe sett saman av representantar frå dei tre selskapa konkluderer i ein rapport at med at ei samanslåing kan bidra til auka verdiskaping og eit større kompetansemiljø enn i dag. Rapporten har sett på konsekvensane av å etablera eit felles vasskraftselskap på Vestlandet, heiter det i ei pressemelding.

Dei skriv vidare at: «Ein vidare prosess der ein går grundigare inn i dei viktige spørsmåla for eigarane og selskapa vil kunne gje dei endelege svara på om «Vestlandskraft DA» bør realiserast.»

Det melder Firda.

Bakgrunnen for prosessen med å greie ut eit felles produksjonsselskap er Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt ynskje om å få fram ulike alternativ for å sikre at verdiane i SFE skal bli verande i Sogn og Fjordane ved ei eventuell fylkessamanslåing og BKK sine strategiske målsetnadar knytt til ei sterkare konsolidering på Vestlandet.

Vert drøfta i fylkesutvalet

– Sogn og Fjordane fylkeskommune er den største eigaren i SFE. Rapporten vil bli drøfta i fylkesutvalet 23. august og for fylkeskommunen er det avgjerande at ein ved eventuell etablering av eit nytt produksjonsselskap sikrar lokale arbeidsplassar og kompetansemiljø, bevarer lokalt eigarskap og sikrar kontroll med dei lokale naturressursane, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Industrimoglegheiter for Vestlandet

Det er berre vasskraftproduksjonen i selskapa som vert vurdert slått saman. Eigarselskapa vil bestå og drive anna verksemd vidare.

Det nye selskapet har førebels fått arbeidstittelen Vestlandskraft. Selskapet kan bestå av 63 kraftverk og produsere 12,1 TWh.

– Som vasskraftprodusent, men ikkje minst som aluminiumsprodusent veit vi i Hydro at tilgang på stabil og fornybar energi er ein føresetnad for å satse på langsiktige industriarbeidsplassar. Eit stort produksjonsselskap kan gjera Vestlandet meir attraktivt for eksisterande og ny industri, og dermed kunne bidra til fleire industriarbeidsplassar og auka verdiskaping, seier Arvid Moss, konserndirektør for forretningsutvikling og energi i Hydro.

Artikkeltags