Dobla overskot for vasskrafta

Johannes Rauboti - konserndirektør i SFE.

Johannes Rauboti - konserndirektør i SFE. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

SFE-konsernet dobla resultat etter skatt på 70 millionar første halvår- i høve året før.

DEL

Konsernresulatet i første halvår er 26 millionar høgare enn i 2015.

Den nye konsernsjefen Johannes Rauboti er sjølvsagt nøgd og kommenterer tala slik:

- Resultatet er ok når ein tek omsyn til situasjonen i marknaden. Utviklinga i kraftprisen i andre halvår vil vere avgjerande for årsresultatet. Vi ventar kraftpris på same nivå som i første halvår eller litt høgare. Vi trur 2016-resultatet blir på same nivå som 2015. Då fekk vi pluss på 113 millionar.

Kraftprisen i første halvår i år har lege 1,5 øre over slik den var i fjor. Samstundes auka konsernet produksjonen med over 70 GWH. Men det er også eit anna viktig bidrag til det positive resultatet:

- Store delar skuldast auka nettkapital som resultat av investeringar i sentralnettet. Det har gitt auka inntekter frå Statnett som leiger desse linjene, forklarer Rauboti.

Artikkeltags