No får du ny straummålar

Nærare 10.000 husstandar skal få montørar på besøk og installeringsarbeidet startar i desember.

I løpet av 2018 skal alle husstandane i fylket ha fått installert smarte straummålarar.

I løpet av 2018 skal alle husstandane i fylket ha fått installert smarte straummålarar. (Foto: )

DEL

BERRE 49 kr for alt på nett i 1 mnd.

Innan 1. januar 2019 skal det monterast automatiske straummålarar hos alle norske straumkundar.

– Dette er den største moderniseringa av straumnettet på 100 år, seier kommunikasjonsrådgjevar i SFE, Jannicke Lindvik.

Slepp å lese av straumen

Innføringa av smarte målarar skal opne for ei rekke fordelar for straumkundane. Med automatisk straummålar slepp du å lese av målaren sjølv fordi avlesingane vil skje automatisk, og direkte til nettselskapet. Dette skal gi ein meir presis faktura, der du betalar for det straumen kostar når du faktisk brukar den. Tilbakemeldingar SFE har fått frå kundane sine viser at folk er meir enn klar for nettopp dette:

– Folk gler seg til å sleppe å lese av straumen kvar månad. Det er på høg tid at vi får dette på plass. Det handlar om å henge med i tida, fortel Lindvik.

I tillegg til at du slepp å lese av straumen sjølv, følger det også med automatisk varsling av straumbrot:

– I dag ser vi berre straumbrot fram til næraste nettstasjon, når vi får dei nye målarane vil vi kunne sjå akkurat i kva hus straumen har gått, og rykke ut kjapt, forklarar Ole Gaute Hovstad, leiar for system og utvikling i SFE.

Kommunikasjonsrådgjevar i SFE, Jannicke Lindvik.

Kommunikasjonsrådgjevar i SFE, Jannicke Lindvik. (Foto: )

– Dette er særleg viktig for hytteeigarar, legg Lindvik til.

Positivt for klimaet

Smarte straumnett og endra forbruksmønster skal bidra til å senke belastninga i nettet:

– Nettselskapet vil få ei betre oversikt over kvar belastninga i nettet er størst, og får dermed betre innsikt i behovet for oppgraderingar. Dette vil kunne bidra til å redusere kostnadane i nettet. Ein veit også frå fleire studiar at betre oversikt over straumbruken fører til meir effektiv energibruk, som vil vere positivt for klimaet vårt, seier Lindvik.

Det er i tillegg fleire tredjepartsleverandørar som utviklar tenester som vil nytte potensialet i dei nye, digitale målarane.

– Dette kan vere tenester som gjev deg høve til å styre straumbruken i heimen på heilt nye måtar. Eksempelvis kan du styre varmtvasstank slik at den skrur seg av når prisane i marknaden er høge, forklarar Lindvik.

Dette vil ikkje vere ein del av installeringa av målarar som nettselskapet skal gjere, men tenester som ein kan kjøpe som tillegg.

Alle SFE Nett sine kundar skal byte straummålar, også du som har automatisk straummålar frå før. Arbeidet starta med ein liten del av Florø sentrum i desember 2017 og held fram i 2018. Frå april til juni er det Florø sin tur, medan installeringane i Bremanger skjer frå juni til august. Til saman i desse to kommunane skal 9.769 kundar få skifta ut straummålarane sine.

Meir informasjon om dei nye målarane finn du her.

Artikkeltags