Severinsen skal spele sesongen i Florø Fotball

TALENT: Tromsø-talentet Gustav Severinsen skal spele for Florø i 2020-sesongen.

TALENT: Tromsø-talentet Gustav Severinsen skal spele for Florø i 2020-sesongen. Foto:

FOTBALL: No er det avgjort. Tromsø-talentet Gustav Severinsen skal spele for Florø denne sesongen.

DEL

Det er to veker sidan vi melde at Tromsø-spelaren Gustav Severinsen var aktuell for eit sesonglangt utlån til Florø Fotball. Severinsen var då på veg til Florø for å bli litt betre kjend med klubben før han bestemte seg.

– Florø har vore på oss tidlegare om at dei ønska å leige Gustav. Han sa at det høyrdest veldig interessant ut, og no har han reist dit for å bli litt betre kjend med dei, sa assistenttrenar og spelarlogistikkansvarleg i TIL, Lars Petter Andressen til Nordlys.

No er det avgjort at Severinsen kjem til Florø, og skal kjempe om ein plass på midtbana her i 2020-sesongen. Det melder Tromsø på sine nettsider.

«Tromsø IL ønsker Gustav lykke til med låneopphaldet og vi håper han fortset si fine utvikling som fotballspelar», skriv dei, og legg til at Gustav då får spele mot dei nordnorske klubbane TUIL, Fløya, Senja og Alta. Kanskje blir det litt spesielt for Severinsen å spele mot Alta, all den tid han var lånt ut til dei i 2019-sesongen. Då spelte han 25 kampar og scora eitt mål.

Det er altså ein spelar med solid PostNord-erfaring, trass i sin unge alder, Florø no får i stallen.

Frode Nybø ser på Severinsen som ein god løysing på midtbana etter at Mathias Fjeld Gulliksen, som er lånt inn frå Strømsgodset, var uheldig og brakk beinet tidlegare i vinter.

– Gulliksen er ute fram til sommaren med brot i beinet. Vi var nøydd til å gjere noko, og låneordningar frå klubber på nivået over oss er ofte økonomisk gunstige, forklarar Nybø.

Severinsen har vore omtala som eit av dei største talenta i Nord Norge av avisa Nordlys. Han er ballsikker, og trivst best djupt på midtbana der han kan kontrollere fotballkampane. Kanskje får vi sjå talentet slå ut i full blome på stadion i år?

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken