Gå til sidens hovedinnhold

Sesongstarten utsett til første helga i mai

Det blir ikkje påskestart for toppfotballen. Forbodet mot treningskampar fører til ein snau månads utsetjing.

Eliteseriefotballen skal rulle den første helga i mai, opplyser Norges Fotballforbund i ei pressemelding. Opphavleg var opningsrunden sett til 2. påskedag (5. april).

Også Toppserien, Eliteserien, 1. divisjon kvinner, OBOS-ligaen og PostNord-ligaen er utsett til 1. mai-helgen.

Det er forbodet mot treningskampar som tvingar fram utsetjingane. Nekten vart innført etter klar tilråding frå Helsedirektoratet 19. februar.

Uforsvarleg

Allereie nokre dagar seinare vart Toppserien og førstedivisjon for kvinner utsett. Det vart peika på at det var både sportsleg og medisinsk uforsvarleg å starte opp seriesesongen utan treningskampar før.

3. mars var idretten i møte med statsminister Erna Solberg (H). Der var mellom anna treningskampar eit tema. NFFs elitedirektør Lise Klaveness uttrykte positive tonar etterpå og spådde oppstart allereie før 15. mars.

– Eg synest Solberg og (Abid) Raja uttrykte ei forståing for at det er ei yrkesgruppe som må på jobb, sa ho til NTB.

Fekk inga draghjelp

Men smittesituasjonen hjelpte ikkje saka i fotballen, og det kom aldri nokre lettingar som gjorde det mogleg å få i gang treningskampane tidsnok til seriestarten tidleg i april.

– Vi må sjølvsagt lytte til bekymringa regjeringa ytra i dag og konstaterer at vi ikkje fekk noko positivt svar. Det var ingenting på pressekonferansen i dag som gjorde at vi blir særleg optimistiske, sa Klaveness etter koronaoppdateringa på tysdag frå regjeringa.

Leiar for NFF si konkurranseavdeling, Nils Fisketjønn fortel at slik situasjonen er i dag, blir det for tidleg med seriestart tidleg i april.

– For å kunne starte opp med et krevjande seriespel er man avhengig av tre-fire veker med normal oppkøyring. Medisinsk er det viktig å førebu spelarane på ein lang sesong med tett kampprogram, seier han.

Fisketjønn fortel at gjennomføringa av sesongen nå blir meir krevjande fordi kampane skal gjennomførast innanfor et kortare tidsintervall.

– Den kommande veka vil vi vurdere nærmare detaljane i seriespelet, medrekna korleis sluttspel, kvalifiseringsspel og NM skal kunne gjennomførast, avsluttar Fisketjønn.

Kommentarer til denne saken