Gå til sidens hovedinnhold

Serveringsbransjen treng krisehjelp: Ja til lønsstøtte!

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Venstre meiner lønsstøtte til serveringsbransjen, kulturnæringa og andre næringar råka særskilt av dei nye korona-tiltaka må på plass øyeblikkeleg. Det er nødvendig for å hindre massive permitteringar og store ekstra utgifter i dei bransjane som har blitt hardast råka av korona-tiltak over lang tid. Det handlar om titusenvis av arbeidsplassar for «vanlege folk» over heile landet.

Finansminister og Sp-leiar Vedum sa på NRK Debatten 7/12 at «diskusjonen om lønsstøtte er litt umoden ennå». Det er eg og Venstre sterkt usamd med Vedum i. Ein meir moden diskusjon er vanskeleg å finne. No er situasjonen dramatisk i restaurant- og serveringsbransjen og tilstøytande næringar. Venstre stør LO, NHO og Virke i kravet om å stille opp for arbeidsplassane i kultur- og serveringsbransjen. Og det må skje raskt.

Eg håpar resten av Stortinget er like tydelege i dagane som kjem. Vi forstår alle trongen for tiltak for å stogge spreiinga av smitte. Men då må vi også stille opp for dei som blir hardast råka av dei. Akkurat no gjeld det særskilt alle som jobbar i serveringsbransjen og tilstøytande næringar. Ei lønsstøtte-ordning til serveringsbransjen og andre særskilt råka næringar må difor etter Venstre sitt syn på plass øyeblikkeleg.

Kommentarer til denne saken