Ser det som problematisk om det skulle bli etablert privatskule i Florø sentrum

Kommunen stiller seg negativ til søknad om Montessoriskule i Florø sentrum. I si uttale om saka peikar opplæringssjefen på skulestruktur, økonomi og forpliktande samarbeid, og meiner det vil vere problematisk med ny skule i sentrum.