Sentralsjukehuset har flytta kreftsengeposten for å ta imot korona-sjuke: – Mindre kritiske operasjonar må vente

Kreftsengeposten er flytta, to brakker sett opp, operasjonar blir utsett – og kvinner kan ikkje ligge på sjukehuset meir enn to dagar etter fødsel. Dette er tiltaka Førde sentralsjukehus gjer når dei riggar seg for eit krisescenario.