Ny senterungdomsleiar med klare mål for framtida; Gje oss framtidsfylket tilbake!

Sander Solheim frå Eikefjord i Kinn kommune blei i helga vald til ny leiar for Sogn og Fjordane Senterungdom.

DEL

Ei av Sander sine viktigaste saker å jobbe med framover er kampen for Sogn og Fjordane som eige fylke, skriv Senterungdommen i ei pressemelding.

Saman med resten av årsmøtet i Senterungdommen, er Sander klar i si tale;

– Vestland må opphevast, gje oss framtidsfylket Sogn og Fjordane tilbake!

Tanken bak regionreforma var ei heilskapleg nasjonal reform. Ved å justere alle fylkeskommunar til større organ, skulle resultatet verte større einingar som kunne tildelast større oppgåver. På nyåret kom resultatet. Fylkeskartet har om noko vorte skeivare, og grunnlaget for å overføre oppgåver følgeleg dårlegare, meiner dei.

Hastverksarbeid

– Sjølv om fylkeskommunar er slått saman, er det framleis dei gamle fylkesgrensene som gjeld som valdistrikt. Også i 2021 vil folk i Sogn og Fjordane og Hordaland velje folkevalde til Stortinget kvar for seg. Dette er eit av mange eksempel på at reforma er hastverksarbeid og dårleg gjennomtenkt, påpeikar Solheim.

– Signala frå dei politiske partia på Stortinget tilseier at det er svært usannsynleg at det vert fleirtal for å endre valdistrikt dei komande åra. Samstundes tilseier signala frå Stortinget at det er mogleg å få eit nytt fleirtal som er villig til å reversere fylkessamanslåingar der det er lokale ønskjer om det etter 2021.

– Premiss er ikkje innfridd

Samanslåingsvedtaket til Sogn og Fjordane fylkesting blei fatta på hittil ikkje-innfridde premiss, påpeikar Senterungdommen.

– Det blei lagt til grunn at stortingsfleirtalet skulle innfri eigne løfter om ei reell regionreform og reell oppgåveoverføring. Dette har ikkje skjedd. Dersom det vert politisk rom for å ta opp igjen regionreform-saka, bør Sogn og Fjordane vere tydeleg på primærstandpunktet om å halde fram som eige fylke.

Sogn og Fjordane Senterungdom og den nye leiaren Sander Solheim meiner Sogn og Fjordane bør gjenopprettast som eige fylke og at fylkestinget i Vestland må handsame samanslåingsspørsmålet på nytt, dersom eit nytt Stortings-fleirtal opnar opp for reversering.

– Folket har blir lurt i denne saka, og det må vi aldri finne på å akseptere. Eg ser fram til å være ein del av laget som skal ta denne kampen! Senterungdommen i Sogn og Fjordane trur på Framtidsfylket!, seier den nye leiaren, som har stor motivasjon for den nye oppgåva.



Artikkeltags