– Folk og næringsliv i Florø har betalt prisen for eit mislykka flyplass-eksperiment

SP:  Gruppeleiar Sigurd Reksnes har avklara sitt standpunkt.

SP: Gruppeleiar Sigurd Reksnes har avklara sitt standpunkt.

Senterpartiet tok opp billettprisane i Florø under fylkestinget tysdag.

DEL

Senterpartiets gruppeleiar Sigurd Reksnes tok på fylkestinget tysdag opp dei uakseptable flyprisane som vi mellom anna finn i Florø.

– Det er uforståeleg at folk i Florø skal betale flypassasjeravgift når det ikkje eksisterer alternativ til fly. Avgifta råkar korte ruter i distrikta ekstra hardt, sa Reksnes.

– Når staten no skal lyse ut flyrutene i fylket på nytt anbod, så er det eit ufråvikeleg krav at Florø kjem inn att som ein del dette rutekjøpet. Kommersialiseringa av flyrutene til og frå Florø har ført til eit dyrt og dårleg flytilbod. Flyseteavgifta kjem i tillegg til eit allereie høgt prisnivå i Florø, seier Reksnes.

– Høgresida sin kongstanke om kommersialisering har slått svært dårleg ut for Florø! Kommersialiseringa av Florø lufthamn har vore eit mislykka eksperiment, det er folk og næringsliv i Florø som har måtta betale prisen. No er det på tide at regjeringa innser dette og rettar opp tidlegare feilgrep.

Reksnes held fram at for folk og næringsliv er eit velfungerande flytilbod med eit akseptabelt prisnivå veldig viktig. Fly er på mange måtar distrikta sitt kollektivtilbod, utan at dette fungerer vert det umogeleg for næringslivet drive si verksemd her i fylket.

– For Senterpartiet er det eit krav at Florø kjem inn under det offentlege rutekjøpet att (FOT-ruter) og at Førde lufthamn heller ikkje må takast ut av det offentlege rutekjøpet. Alle dei fire flyplassane i fylket må vere ein del av rutekjøpet, avsluttar Reksnes.

Artikkeltags