Senterpartiet: Reksnes kan få to nye år, og partiet held fram som todelt i Vestland

FÅR POSISJONAR: Valnemnda i Senterpartiet har funne plass til fire nye namn frå Kinn og Bremanger framfor fylkesårsmøtet i Balestrand denne veka. Sigurd Reksnes i midten held truleg fram som fylkesleiar.

FÅR POSISJONAR: Valnemnda i Senterpartiet har funne plass til fire nye namn frå Kinn og Bremanger framfor fylkesårsmøtet i Balestrand denne veka. Sigurd Reksnes i midten held truleg fram som fylkesleiar. Foto:

FLORØ: Senterpartiet let Vestland vere Vestland og går inn for å behalde to partiorganisasjonar også i framtida.

DEL

Valnemnda i Senterpartiet går inn for å gi Sigurd Reksnes frå Stad kommune fornya tillit som fylkesleiar når partiutsendingane møtest til årsmøte på Kviknes hotel i Balestrand denne veka.

Sigurd Reksnes har vore fylkesleiar i fire år og er no innstilt for to nye år. Reksnes har lang politiske røynsle og var mellom anna gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane fylkesting i førre periode og han har fleire periodar bak seg som medlem av kommunestyre og formannskap i Eid kommune. Han held fram som medlem i det nye Vestland fylkesting.

- Valnemnda er glade for at Reksnes ynskjer å gå på ein ny periode som leiar, seier leiar av valnemnda, Marius Strømmen i ei pressemelding.

- Sigurd har gjort ein solid jobb som fylkesleiar og eg er heilt trygg på at han vil halde fram med å gjere ein god jobb for Senterpartiet i Sogn og Fjordane og våre saker også framover. Med regionreform og viktige politiske utfordringar framover, er kontinuitet viktig,meiner Strømmen.

Senterpartiet har bestemt å halde fram med to fylkesorganisasjonar i det nye Vestland fylke.


Valnemnda si innstilling ser slik ut:

Fylkesleiar

Sigurd Erlend Reksnes – Stad (attval)

1. nestleiar

Karoline A. Bjerkeset – Gloppen (ikkje på val)

2. nestleiar

Morten Askvik – Hyllestad (ikkje på val)

Studieleiar

Erling Sande – Gloppen (ny)

Styremedlem

Jan Herstad – Sunnfjord (ikkje på val)

Styremedlem

Marit Aakre Tennø – Luster (attval)

Styremedlem

Ingeborg Sivertstøl – Sogndal (ny)

Senterkvinnene

Britt Domben Mulelid – Bremanger (ny)

Senterungdomen

Sander Solheim – Kinn (ny)

Fylkestingsgruppa

Aleksander Øren Heen – Årdal

Stortingsrepresentant

Liv Signe Navarsete – Lærdal

1. vara

Rune Hegrenes – Sunnfjord (attval)

2. vara

Gunn Åmdal Mongstad – Solund (ny som vara)

3. vara

Sidsel Kongsvik – Kinn (ny)

4. vara

Jakob Ruud – Sogndal/Senterungdomen (ny)

Vara Senterkvinnene

Kristina Tomasgard – Gloppen (ny)

Vara Senterungdomen

Nina Hjartholm – Gulen (ny)

Svein Orheim – Bremanger (ny)

Vara fylkestingsgruppa

Jenny Følling – Sunnfjord

Observatørar:


Fylkessekretær

Per Rune Vereide – Gloppen

Fylkesordførar

Jon Askeland – Alvær

Organisasjonssekretær

Torunn Flatjord – Gloppen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken