To av Senterpartiets heitaste favorittar til å bli statsrådar skal no i staden sitje saman i finanskomiteen på Stortinget.
Sigbjørn Gjelsvik og Geir Pollestad var lenge spådd som heite Sp-kandidatar til å bli del av regjeringa, men onsdag denne veka vart det klart at dei i staden held fram på Stortinget.
No opplyser partiet at Gjelsvik framleis skal vere i finanskomiteen, der han òg får følgje av partikollegaene Pollestad og Kjersti Wøyen Funderud.
Dermed får Noregs nye finansminister Trygve Slagsvold Vedum solid backing i budsjettarbeidet på Stortinget frå eige parti.
SV, som den nye regjeringa skal forhandle budsjett med, har allereie varsla at det blir tøffe tak.
Frå før av er det klart at SV sender Kari Elisabeth Kaski til finanskomiteen, medan Venstre sender nestleiar Sveinung Rotevatn. Fleire av partia har enno ikkje fordelt fagkomitear på Stortinget.
Arnstad i utanriks
Senterpartiets parlamentariske leiar, Marit Arnstad, held fram i utanriks- og forsvarskomiteen og får følgje av Bengt Fasteraune frå same parti.
Veteranen Per Olaf Lundteigen er no inne i sin sjette periode som stortingsrepresentant og held fram i arbeids- og sosialkomiteen, der han har sete sidan 2012. Han får følgje av Anja Ninasdotter Abusland.
Resten av Senterpartiets stortingsrepresentantar er fordelte i følgjande komitear:
Energi og miljø:
* Ole André Myhrvold
*Siv Mossleth
* Gro Anita Mykjåland
Familie og kultur:
* Åslaug Sem-Jacobsen
* Margrethe Haarr
Helse og omsorg:
* Hans Inge Myhrvold
* Lisa Marie Klungland
Justis:
* Else Marie Rødby
* Ivar Prestbakmo
Kommunal og forvaltning:
* Heidi Greni
* Per Martin Sandtrøen
* Kathrine Kleveland
Kontroll og konstitusjon:
* Nils T. Bjørke
Næring:
* Willfred Nordlund
* Jenny Klinge
* Per Olav Tyldum
Transport og kommunikasjon:
* Erling Sande
* Geir Adelsten Iversen
* Geir Inge Lien
Utdanning og forsking:
* Marit Knutsdatter Strand
* Mara Grøthe
(©NPK)