- Å samlast over nettbrettet har vore suksess

Trygve Nybø er leiar av Seniornett i Flora, og neste tysdag kjem Firdaposten på besøk for å gje eldre abonnentar hjelp og støtte til å registrere seg som digitalbrukarar av avisa si.

Trygve Nybø er leiar av Seniornett i Flora, og neste tysdag kjem Firdaposten på besøk for å gje eldre abonnentar hjelp og støtte til å registrere seg som digitalbrukarar av avisa si. Foto:

Av

Etter eit drygt års drift, er Trygve Nybø ikkje i tvil: Seniornettet i Florø bidreg til ein betre digital kvardag for eldre menneske.

DEL

- På det dryge året vi har halde på, har vi sett ei positiv utvikling. Seniorane blir tryggare i databruken sin - og dei meistrar ting betre. Og no ventar vi på ei ekstra gulrot frå Firdaposten.

Det seier initiativtakar til Seniornett i Flora, Trygve Nybø. Og gulrota han snakkar om, er den nært foreståande lanseringa av det digitale avisarkivet til Firdaposten, tilbake til desember 1948.

Vil vere med

- Eg er overtydd om at å få tilgang til dette, vil vere ein ekstra inspirasjon for seniorar i Flora og Bremanger, når det gjeld å ta steget og bli meir digitale i mediebruken sin, seier Nybø.

Vi veit florø-seniorane er interesserte i lokalhistoria si og i slektsforsking, og eit søkbart arkiv 70 år tilbake i tid, vil nok trigge mange.

Trygve Nybø, leiar av Seniornett i Florø

Seniornettet er ei gruppe godt vaksne floraværingar som har bestemt seg for ikkje å bli digitale «attegløymer». Kvar tysdag samlar dei seg på Havglytt med nettbrett, pc-ar og mobilar, og deler erfaringar og hjelper kvarandre med data- og digitalutfordringar.

- Det kan handle om bruk av nettbank, korleis du bestiller deg ein billett på buss eller båt - eller korleis få tilgang til lokalavisa si. Her finst hjelp og få og ny lærdom å tileigne seg, seier Nybø, som er nøgd med korleis gruppa har utvikla seg sidan oppstarten hausten 2016.

Opp mot 30 kvar tysdag

- Vi er mellom 20 og 30 på kvar tysdagssamling. Og når vi inviterer inn gjester til å føredra, så kjem det gjerne endå fleire. Vi har mellom anna hatt bankar på besøk som held kurs i bruk av nett- og mobilbank.

Og neste tysdag er det Firdaposten sin tur. Lokalavisa var sist veke på besøk i Svelgen, der over 60 pensjonistar møtte fram for å få hjelp til mellom anna å registrere seg digitalt som abonnent på avisa, og dermed få tilgang til alle lokalnyheiter på nett og mobil.

Snart lokalavisa sin tur

- Den store gulrota for mange blir nok det nye arkivet, det ventar vi på. Vi veit mange er interesserte i lokalhistoria si og i slektsforsking, og eit søkbart arkiv 70 år tilbake i tid, vil nok trigge mange, spår Nybø.

Tysdag 13. februar er Firdaposten på plass på Havglytt klokka ti, for å gje eit innblikk i kva som finst og kva som kjem av nye digitale tilbod til dei som er abonnentar på avisa. Sist veke hadde Firdaposten eit liknande framstøyt mot seniorar i Svelgen, som samla over 60 deltakarar, og der mange fekk hjelp til å registrere seg som digitale lokalavislesarar.

Artikkeltags