Det er framleis korona-restriksjonar på besøk, konsertar, juleselskap, klemming og samvær. Å reise er også meir utfordrande enn før, og mange får kanskje ikkje sett sine kjære i jula.

Som eit lite plaster på såret vil vi i Firdaposten tilby lesarane våre å sende gratis julehelsingar via nettavis og papir. Helsingane kjem på nett umiddelbart, og kan delast i sosiale medium. Dei vert også sendt over til papiravisa, men her vil vi samle opp helsingane og trykke dei i fleire rundar, alt etter kor mange helsingar som kjem inn.

Så no håpar vi lesarane våre vil nytte lokalavisa og høvet til å sende mange koselege julehelsingar til fjern og nær!

Du kan sende inn helsingane dine her: Julehelsing