Semje om krisepakke for næringslivet

KRISEPAKKE: Partileiarane møttest til ein ny runde med forhandlingar måndag morgon klokka 8.15. Like før klokka 9 vart det klart at opposisjonspartia var samde om krisepakken. Bildet er frå søndag då Erna Solberg heldt pressekonferanse.

KRISEPAKKE: Partileiarane møttest til ein ny runde med forhandlingar måndag morgon klokka 8.15. Like før klokka 9 vart det klart at opposisjonspartia var samde om krisepakken. Bildet er frå søndag då Erna Solberg heldt pressekonferanse. Foto:

Av

Utsett moms, nye reglar for sjukepengar og omsorgspengar. Alle partia på Stortinget er samde om krisepakke.

DEL

(Firda) Saka vil bli oppdatert.

Partileiarane møttest til ein ny runde med forhandlingar måndag morgon klokka 8.15. Like før klokka 9 vart det klart at opposisjonspartia var samde om krisepakken.

Pressetreff om pakken starta klokka 9.15.

Krisepakken endrar reglane for sjukepengar ved å redusere arbeidsgivarperioden for betaling av sjukepengar knytt til koronapandemien blir sett til tre dagar. Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vil også få sjukepengar frå dag tre av fråværet med same dekningsgrad.

Ordninga med omsorgslønn blir dobla frå 10 til 20 dagar inntil vidare. Arbeidsgivarperioden blir også redusert til tre dagar. Også sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vil få omsorgslønn som ei midlertidig ordning.

Ved å kutte talet på dagar arbeidsgivarar må betale for sjukelønn, omsorgslønn og andre ordningar, er det staten som tek rekninga.

Innbetaling av meirverdiavgift blir utsett

Det blir innført også ei mellombels ordning for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som mistar inntektsgrunnlaget sitt som følge av korona-pandemien. Dette skal dekke om lag 80 prosent av siste tre års inntekt avgrensa opp til 6G.

Innbetalinga av meirverdiavgift med forfall 15. april, som utgjør store summar for bedrifter, blir utsett.

– Det at vi gjer er med tilbakeverkande kraft frå 1. januar betyr at drosjeeigaren som har betalt inn moms frå januar, får igjen pengar, seier Vedum.

Semje sidan søndag

Innbetaling av andre termin forskotsskatt for selskap som forfell 15. april blir også utsett. Låg momssats blir også sett ned til åtte prosent.

Aktivitetskrav for sosiale ytingar, som har vore ei viktig sak for Høgre og Frp, blir sett på vent inntil vidare.

– All politikk handlar om folk og deira liv. Drosjesjåføren, frisøren, industriarbeideren og andre arbeidsfolk som hadde trygge inntekter for berre ei veke sidan, opplever no stor usikkerheit. Tiltaka i dag vil hjelpe dei og norske bedrifter som allereie står i ein veldig krevjande situasjon, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Opposisjonen beståande av Ap, Frp, Sp og SV har samla seg om ein større krisepakke med meir støtte til permitterte og personleg næringsdrivande. Ifølge fleire kjelder har det vore semje mellom desse partia sidan søndag.

Etter koronaviruset slo innover norsk økonomi, annonserte regjeringa først ein krisepakke på 6,5 milliardar kroner. Pakken bestod for det meste av utsettingar av skattar og avgifter.

Søndag la statsministeren fram ein ny krisepakke på 100 milliardar kroner i garanti- og låneordningar for næringslivet.

Artikkeltags