Gå til sidens hovedinnhold

Semitraler stod fast - politiet dirigerte trafikken på staden

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein semitraler stod laurdag føremiddag fast i ein av bakkane nær Grov.

Ein semitrailer står fast i ein bakke ved Grov i Kinn kommune, på Rv 5 i retning Svelgen, hevd NRK Vestland laurdag føremiddag.

For oss som er lokalkjende er det nærliggande å tru at semitraileren heller stod fast på fylkesveg 614 i Grytadalen, på veg opp mot Magnhildskartunnelen, men Firdaposten har ikkje lukkast med å få stadfesta eller avkrefta dette.

Politiet var på staden og dirigerte trafikken, og det vart bestilt bilberging, opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt til NRK.

Traileren kom seg til slutt vidare med hjelpa som vart rekvirert.

Kommentarer til denne saken