Er Selje lurt?

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad viser til 15 punkt som kan tyde på det.

DEL

Lesarbrev 

Forhandlingar mellom Selje og Vågsøy - kontra Selje og Eid

På vegne av Vågsøy kommune har eg behov for å korrigere framstillinga av det som har skjedd i samtalane mellom kommunane, i høve den framstilling som Selje og Eid står fram med i media.

1. Vågsøy kommune var i felles utgreiing med Eid, Selje og Vanylven.

2. I forhandlingane om ein felles intensjonsavtale trakk Eid seg fordi dei 3 andre ville ha Måløy som kommunesenter, ein blei ikkje samd om fleire overordna samferdselstiltak, m.a. plassering av kryssing av Nordfjorden, og Eid ønska ikkje å vere med i ein kommune med sterkt kystfokus.

3. Dei 3 resterande kommunane inngjekk ein intensjonsavtale som danna grunnlag for vedtak i kommunestyra og for folkerøysting.

4. Vanylven sa ja til samanslåing, men nordover mot Sande, Selje sa nei og Vågsøy sa ja.

5. Fylkesmannen si tilråding kom så med framlegg om å slå saman Selje og Vågsøy med tvang.

6. Fylkesmannen kalla inn til eit felles formannskapsmøte for Selje og Vågsøy i Selje der ho oppmoda kommunane om å gå i forhandlingar om ei frivillig løysing.

7. Forhandlingsutvala møttes, der Vågsøy la fram eit utkast til forhandlingar basert på ein avtale der Vågsøy kommune fekk den strategiske leiinga plassert i Måløy som kommunesenter vurdert til 10-12 tilsette, alle tenesteområde skulle bestå nært brukar. Selje skulle få eit sterkt kommunedelsenter med publikumsretta funksjonar. Dei skulle i tillegg få administrative funksjonar i høve folketal (ca 35%). Selje blei tilbydd kommunenamnet.

8. Selje sette fram krav om å få den strategiske leiinga skissert til 25 tilsette og Selje som kommunesenter. Dei skulle og ha alt knytt til næring. Vågsøy skulle få plassering av dei tilsette i nokre godt fungerande interkommunale samarbeid mellom Eid og Vågsøy der Selje ikkje tek del. Desse er i dag er lokalisert på Eid. I tillegg skulle dei ha lista opp ei rekke kommunalt tilsette/funksjonar frå Vågsøy som skulle ha kontor i Selje.

9. Munnleg var kommunane samde om å prioritere felles samferdselstiltak i Selje (spesifikt nemnt fv 618 og fv 620) og kulturbasert reiselivssatsing i Selje.

10. Det blei ikkje semje om ein avtale, basert på det Vågsøy oppfatta som eit frå Selje uaktuelt utgangspunkt.

11. Grunngjevinga frå Selje var at Vågsøy og Selje som felles kommune blei for tynt. Dette ville blitt den 4. største kommunen i Sogn og Fjordane.

12. Selje går så i einsidige forhandlingar med Eid som har same folketal som Vågsøy, blir samd om eit grunnlag for tingingar basert på at kommunesenteret skal ligge i Eid og at Selje skal ha kontor for plan, utvikling og næring. Om det med det siste er tenkt Nordfjord Vekst AS, der Vågsøy kommune har likestor eigardel som Eid og Selje til saman og står for ein vesentleg del av driftstilskotet, er ikkje avklart.

13. Vidare er ein samd om å flytte planlagt fjordkryssing innom Bryggja til ei løysing som er vesentleg dyrare enn ytre alternativ. Den føreslåtte løysinga er i tillegg pr i dag ikkje teknisk løysbar, og den ivaretek på ingen måte målet med kystvegen, nemleg å skape ein større bu- og arbeidsregion mellom Måløy og Florø via Bremanger. Dette kan framstå som eit grep for å skrinlegge planane om kryssing av Ytre Nordfjord, som ikkje er uventa frå Eid si side, men svært skuffande av Selje.

14. Vågsøy kommune blir på dette tidspunkt invitert til å ta del i tingingane, basert på at Vågsøy skal godta alt Eid og Selje er samde om.

15. Når no den endeleg avtalen ligg føre, kjem det fram at Selje ikkje har fått gjennomslag for noko som ein ikkje har fått tilbod om frå Vågsøy utanom tiltak som forringar Vågsøy si framtidsutvikling. Plassering av administrative arbeidsplassar som Vågsøy tilbaud, er i avtalen med Eid blitt om til «dette skal vi kome tilbake til». På dette grunnlag ber eg om forståing for at det er uaktuelt for Vågsøy kommune å involvere seg i dette «fellesskapet», og at ein heller konsentrerer fokuset på å styrke samarbeidet sørover på kysten. Det er eit sterkt potensiale på kysten, noko vi ser på som Vågsøy og dei andre kommunane sitt felles ansvar å utvikle.

Måløy, den 6. januar 2017

Kristin Maurstad

Ordførar

Artikkeltags