Næringslivet og politikarane i Selje er på kollisjonskurs

SAMLA: Næringslivet frå Selje i nord til Flora i sør er tydelege. Dei fire kommunene vil bli ein kommune,  den største i fylket og stå saman om felles utfordringar.

SAMLA: Næringslivet frå Selje i nord til Flora i sør er tydelege. Dei fire kommunene vil bli ein kommune, den største i fylket og stå saman om felles utfordringar. Foto:

NÆRINGSLIVET: - Ein stor kystkommune vil vere uhyrleg slagkraftig ORDFØRAREN: - Dei kjem for seint på banen

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Sjølv om Selje kommune no har søkt seg mot Eid, er næringslivet i kommunen usamde i vurderinga til den politiske leiinga. Dei meiner moglegheitene for næringsutvikling er langt større langs kysten enn innover fjorden.  

Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF), seier til Fjordenes Tidende at han er glad for at Vågsøy ikkje vart tvinga saman med Selje og Eid i tilrådinga frå fylkesmannen. Og han er glad for at ho gav si tilslutning til intensjonsavtalen Selje og Eid no har forhandla fram.

Under pressekonferansen måndag endra nemleg Anne Karin Hamre rådet sitt frå september i fjor. No kom ho med ei råd om samanslåing med Eid jamfør den nye intensjonsavtalen dei to kommunane signerte før jul. Men framleis står ho fast ved det faglege grunnlaget frå den siste tilrådinga om samanslåing mellom Selje og Vågsøy. Ho presiserte at det var med omsyn til Selje at den første tilrådinga låg føre. Men intensjonsavtalen kommunen ved Stad har inngått med Eid, oppfyller krava i kommunereforma som omhandlar å sikre betre og likeverdige tenester til innbyggarane. Så sjølv om det betyr større avstandar internt i den nye kommunen, vurderer fylkesmannen det til at det blir lettare for den nye kommunen å skaffe naudsynt kapasitet og relevant kompetanse, ein meir berekraftig økonomi og eit styrka lokaldemokrati.

– Vi treng eit felles fokus

Same dag som fylkesmannen ytra seg om kommunereforma var også næringslivet frå Selje til Flora i møte i Kalvåg for å diskutere ein framtidig kystkommune. Og næringslivet står samla i sitt syn. Og det kolliderer med den politiske leiinga i Selje. 

Trond-Inge Kvernevik er bedriftsleiar for AS Fiskevegn på Flatraket i Selje som driv i ein internasjonal marknad. Sjølv om Selje no ønsker seg saman med Eid i aust er han, og dei fleste bedriftene i Selje, tydelege på at dei ønsker seg sørover i ein større og sterkare kystkommune.

– No skal eg ikkje vere kategorisk då ikkje alle dei mindre bedriftene er kontakta, men vi har alle dei store private arbeidsgivarane med oss i synet på at ein sterk kystkommune er best for oss. Vi kjem på bana i tolvte time, men no signaliserer vårt syn i saka tydeleg, kjem det frå Kvernevik.

Han meiner at i motsetning til kommunar som har andre utfordringar knytt til kommunereforma, er næringslivet klarare på kva som er best tenleg for næring og industri. I alle høve i ein region der utfordringane i større grad stemmer overeins.

Krystallklart

– Eg skjønner at rådmenn og ordførarar finn utfordringane i kommunereforma utfordrande. Eg klandrar difor ikkje rådmenn og ordførarar for vurderingane dei gjer, men næringslivet fokuserer ikkje på kva som er det minst dårlege alternativet, vi tenker på kva som skapar dei største moglegheitene. Og det er heilt krystallklart for oss at ein sterk kystkommune er betre og meir framtidsretta for oss.

Og Kvernevik fortel dei har det store næringslivet i Selje i ryggen.

– Vi har ikkje vore konsulterte fram til no, men når vi no blir spurt er vi tydelege. Vi ser på dei beste og mest konstruktive moglegheitene i eit samarbeid mellom kommunane frå Selje til Flora. Her har vi eit fellesskap på kompetanse og på struktur. Her kan vi skape ein kystkommune med felles fokus, poengterer han. 

Eid-ordførar Alfred Bjørlo har tidlegare peika på at samarbeid på kysten vil halde fram uavhengig av kommunekonstellasjonar. Her meiner næringslivsleiaren i Selje at kommunar utan tydeleg retning kjem til kort. 

– I næringslivet er det ei kjent sanning at konglomerat slit med å levere. Slik meiner vi det også kan bli for kommunar utan tydeleg strategi. Vi må skape ei blokk med eit tydeleg fokus som kan levere. Ein kystkommune med Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora vil vere uhyrleg slagkraftig, slår Kvernevik fast.

– Dei kjem for seint    

Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal meiner at næringslivet i Selje kjem for seint på banen med uttala om at dei vil ha ein kystkommune.

– Vi har jobba med kommunereform i Selje sidan hausten 2014, og hadde det vore eit unisont krav ifrå næringslivet om å vere ein kystkommune burde dei komme på bana langt tidlegare.

– Har dei ikkje vore flinke nok i Selje med å ta næringslivet med på råd før de valde Eid, framføre samarbeid på kysten?

– Vi er stadig i dialog med næringslivet, og det har vore få spørsmål om konkrete retningsval i reforma. Vi er komfortable med prosessen vi har gjort til no. Eg kjenner meg også trygg på at vi vil få eit fleirtal i kommunestyret når intensjonsavtalen med Eid blir politisk forankra 26. januar, seier Osdal.

Han ser ikkje at punkta som næringslivet har skissert opp frå Kalvåg-møtet måndag ikkje kan gjennomførast i den nye Selje-Eid kommunen.

– Slik eg ser det vil det vere ei styrke for kysten at vi no få med ein ekspansiv kommune som Eid på laget. Næringslivet vårt driv i dag samarbeid både nord- og austover i tillegg til ned langs kysten. Vi vil likevel ta kontakt med næringslivet no, for å få høyre kva som er viktig for dei framover, men då med utgangspunkt i Selje-Eid, avsluttar Osdal.     

Artikkeltags