Seline er 24 år gammal, kjem frå Måløy og skal no jobbe for vekstselskapet i heimbyen sin.

– Vi har nye prosjekt og aukande arbeidsmengd. Det skapar behov for å auke talet på tilsette, seier dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad i ei pressemelding.

Seline vil få ansvaret for Måløy Vekst sitt kommunikasjonsarbeid innan en rekke prosjekt knytt til fleire utviklingsprosjekt. Drift av nettsider og synleggjering i sosiale medium er også blant arbeidsoppgåvene som ventar 24-åringen når ho tek til i nyejobben 1. desember.

Seline Larsen har ein bachelorgrad i TV-produksjon fra Universitetet i Bergen. Ho har vore praktikant hos NRK Nynorsk mediesenter, vore journalist i Fjordenes Tidende og jobbar for tida som journalist i NRK Vestland.

– Seline har dei rette personlege eigenskapane som vi har leita etter når vi skulle tilsetje kommunikasjonsrådgjevar. Ho har gode idear om korleis vi skal nå ut til yngre målgrupper og styrkje omdømebygginga vår, seier Humborstad.

Larsen gler seg til å gå laus på nye utfordringar.

– Det er veldig stas å få tilbod om denne jobben. Måløy Vekst er eit svært spennande selskap som driv med viktig arbeid for å skape bulyst i kommunen og fremje vekst i det lokale næringslivet. Eg gler meg stort til å bli ein del av Måløy Vekst-gjengen, seier ho.