Sel Fjord1-aksjar for 877 millionar kroner

DEL

Milliardær Frederik Wilhelm Mohn sel alle aksjane sine i Fjord 1.

I februar kjøpte milliardær Frederik Wilhelm Mohn seg kraftig opp i det børsnoterte selskapet Fjord 1 i Florø, der han har vore i konkurranse med Per Sævik og hans familie om kontrollen over selskapet.

No sel Mohn alle aksjane han eig i selskapet, rundt 18,45 millionar aksjar, til Sævik-familiens Havila-selskap for 877 millionar kroner. Det kjem fram i børsmeldingar torsdag morgon, sitert av mellom anna E24.

Havila har saman med Vision Ridge Partners planar om å utvikle Fjord1 til eit integrert transport- og reiselivsselskap, blant anna ved å kanskje slå det saman med Havila Kystruten.

(©NPK)

Artikkeltags