Kristin vil snakke skamma i hel

Kristin Skau fortel si historie.

Kristin Skau fortel si historie. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Frå songlærar Kristin Skau var 11 til ho var 15 år vart ho seksuelt misbrukt av dirigenten i koret der ho song. No vil ho bidra til å gi skamma eit ansikt.

DEL

Ho spør kvifor det er så ubehageleg å vere open om slike ting. Ho serverer like godt også svaret.

– Eg trur det er fordi det er ubehageleg for dei som får høyre. Og eg trur også at dei som fortel er redde for at andre skal føle at dei er nøydde å synest synd på dei. Og sjølvsagt ser eg at det er endå vanskelegare for dei som er i familie med overgriparen.

Mannen som forgreip seg på henne var ein svært avhalden mann i musikkmiljøet på Hurumlandet, der Kristin budde. Han vart rekna som ein autoritet, og Sætre Pikekor, som han leia, var eitt av landets beste kor: Fleire gongar på NRK i beste sendetid, NM-vinnarar år etter år og representerte Norge internasjonalt – heile bygda si store stoltheit. Foreldra til Kristin var både glade og takksame då mannen tilbaud seg å gi Kristin privattimar.

Han var i livet mitt omtrent kvar dag.

Kristin Skau

Privattimane gjekk føre seg heime hos mannen, og der skjedde òg dei tinga som ingen måtte få vite om. Men mannen hadde ein svoger som jobba i politiet, og han opplyste Kristin om at han hadde fortalt svogeren sin om kva slags forhold dei to hadde og slik fått ei «godkjenning» på at det var greitt, det han gjorde.

– Han var i livet mitt omtrent kvar dag, seier Kristin.

Samstundes som han var ein mann med stor utstråling og svært godt likt, hadde han alkoholproblem – såpass at han i periodar ende «i grøfta».

– Og foreldra mine var mellom dei som plukka han opp derifrå, og innlosjerte han i kjellarstova vår.

I ettertid har ho funne ut at ho langt frå var åleine om å bli misbrukt av mannen. Eit tjuetals jenter opplevde liknande ting, men berre ei av dei så alvorlege ting som Kristin vart utsett for. Men det visste ho ikkje den gongen. Ho visste berre at det ville få enorme konsekvensar dersom ho fortalde noko. At koret, som bygda var så stolte av, og heile det miljøet ho var ein del av ville falle frå kvarandre. Det vart eit for stort ansvar for ei ung jente.

Etter ungdomsskulen melde ho seg heilt ut. Tok berre privatisttimar i dei faga ho visste ho måtte ha for å kunne jobbe vidare med musikken, sleit med voldsomme humørsvingingar og heldt seg for seg sjølv. Først 19 gammal fekk ho hjelp av ein god ven, til å fortelje foreldra sine. Og så eksploderte det.

– Då gjekk eg rett i kjellaren. Eg visste at koret ville gå til grunne, og han hadde også sagt at han ville ta livet sitt viss dette kom ut.

Det gjekk eitt år frå Kristin melde mannen til rettssaka kom opp i 1986. Det var då ho fekk vite om dei andre jentene han hadde misbrukt. 16 månaders fengsel fekk han. I rettssaka vart det han hadde gjort mot Kristin omtala som incest, fordi han hadde vore så tett på henne og tillitsbrotet var så voldsomt. Mange år etter, på slutten av nittitalet måtte Kristin vitne i nok ei rettssak. Mannen som hadde forbrote seg mot henne hadde gjort det igjen.

Kristin har vore innlagd på psykiatrisk avdeling. Ho har forsøkt å ta livet sitt, men innsåg sjølv at det var eit rop om hjelp. I mange, mange år var det som hende henne ein stor og tung løyndom, pakka inn i like blytung skam. Det skal det sterk rygg til for å bere rundt på. No, endeleg, kjenner ho at ho står støtt nok til å fri seg.

– Det eg opplevde vil jo alltid ligge der, men den døra treng ikkje å stå vidopen heile tida lenger. Og eg fekk ei rettssak. Med dommen hans fekk eg svart på kvitt at det ikkje var min feil. Det var veldig, veldig viktig. Eg kjenner fleire som er uføre etter slike opplevingar. Som går rundt og ber på det. Dei har aldri fått rettferd og fått høyre at «det var ikkje di skuld».

Difor vil Kristin snakke om det skamfulle. Ho meiner skamma må snakkast i hel, ikkje tiast i hel. Og dei som er vaksne og mistenker at eit barn dei kjenner kan vere utsett for noko slikt, dei MÅ vere modige nok til å spørje.

– Eg var til lege gong på gong med mange fysiske problem – med magen, med smerter ... Og ingen stilte spørsmål om kvifor. Eg håpar det er annleis i dag, seier ho.

Ho tenker på korleis det hadde vore om ho berre hadde hatt eitt menneske om visste kva ho levde i den gongen.

– Eg ønsker så veldig at ungar som opplever slikt skal ha ein slik arena. Kor skal ein unge på ni-ti år gå? Eg skulle ønske at barnehage og skule hadde ei naturleg tilnærming til det. At dette var noko ein snakka om og at dei vaksen vågar å stå i dei vanskelege spørsmåla. For der trur eg det ligg mange hindringar – og dette må snakkast i hel, gjentek ho.

I dag kjenner ho at ho på mange måtar ikkje ville ha vore desse erfaringane forutan. For utan denne bagasjen hadde ho jo ikkje vore den Kristin ho er.

– Og det har gjort meg i stand til å vere noko for andre.

Musikken har aldri forlate Kristin, den er framleis både leveveg og livline, og ho har etter kvart sunge i mange gravferder.

– Ofte vert det sagt i minneordet at «ho klaga aldri» eller «han sa aldri eit vondt ord». Men skal vi rose det – at ein ikkje seier frå?

Det tek tid å fortelje

Ofte kan det som blir opplevd som «frivillig handling» når det skjer, opplevast som eit overgrep når barnet veks og forstår samanhengane og konsekvensane betre.

Korleis ein definerer seksuelle overgrep har noko å seie for kva resultat ein får når ein skal undersøke kor mange dette dreiar seg om. I ei undersøking frå Universitetet i Bergen, 2012, rapporterte 35,9 % av kvinnene og 12,7 % av mennene at dei hadde vore utsette for ei eller anna form for uønskt seksuell åtferd før dei fylte 18. I ei undersøking frå Nasjonalt Kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, 2014, var tala høvesvis 21,2 % prosent for kvinner og 7,8 % for menn.

Andre studiar viser at omtrent 20 % av alle jenter og litt under 10 % av alle gutar vert utsette for overgrep i oppveksten. For å forstå kor mange det eigentleg er, kan ein sjå for seg ein skule med 400 elevar. På denne skulen vil minst 40 av jentene og minst 14 av gutane ha opplevd seksuelle krenkingar. Til saman 56 av dei 400 elevane - eller eitt til to barn i kvar einaste skuleklasse.

Jenter er utsette for uønskt seksuell kontakt meir enn dobbelt så ofte som gutar. Uønskt seksuell kontakt omfattar eit stort spenn frå mild krenking til seksuell vald. (Kjelde: reddbarna.no og bufdir.no.)

Flora og Bremanger har handlingsplanar

– Kommunen har eit kurs for sine tilsette no den 10. oktober. Det handlar om kva som kan vere symptom på overgrep, slik at vi skal bli stadig betre til å forstå kva vi skal sjå etter – for vi trur det gjerne ikkje før vi ser det. Kurset har vi hatt fleire gongar, men det må sjølvsagt gjentakast, fortel Randi Ytrehus, kommunalsjef helse i Bremanger kommune.

– Så har vi faste tider der helsesøster, psykisk helse og barnevern er ute i skulane og har samtaletid. Der kan lærarar og elevar ta opp ting, og det skal vere lågterskel.

Ho nemner også SMISO – Støtteforeningen mot incest og seksuelle overgrep – som ein viktig partnar som jobbar mot seksuelle overgrep.

– Dei spelar ei viktig rolle, ved at dei tilbyr opplæring ute blant barn der dei snakkar om overgrep, opplyser Ytrehus.

Sogn og Fjordane var det siste fylket dei etablerte seg i, i 2010. SMISO er avhengig av driftstilskot frå kommunane.

I Flora kommune viser tenesteleiar for barn og unge, Gry Ommedal, til handlingsplanen mot vald i nære relasjonar som kommunen har. Her vert det gjort klart kva prosedyre som skal følgast dersom dei tilsette sjølve eller andre rapporterer om mistanke om seksuelle overgrep mot eit barn. Den om mottek rapporteringa, eller sjølv har mistanke, har plikt til å melde frå til leiar. Deretter har leiar ansvar for å avklare kva som skal gjerast i saka, og eventuelt melde bekymringa til barnevernet. Det vert også gjort klart i handlingsplanen at dersom leiar ikkje er samd i at bekymringa er alvorleg nok, kan den tilsette på eige initiativ melde frå til barnevernstenesta. Dette kan leiaren ikkje overprøve.

Ommedal strekar under at det ofte er snakk om ein prosess over tid dersom eit barn fortel om overgrep.

– Det er veldig sjeldan det kjem bardus ut at «eg har blitt utsett for ...» Det er også viktig at vi skal greie å følge opp utan å legge ord i munnen på barnet, strekar ho under.

Her kan du få hjelp

 

Det finst fleire stader å vende seg dersom ein sjølv, eller nokon ein er nær, blir eller har blitt utsett for seksuelle overgrep.

Røde Kors har samtaletilbodet Kors på Halsen for barn og ungdom. Dette går føre seg både via chat, mail og telefon, det er heilt gratis og ein kan vere anonym om ein vil det. Nummeret dit er 800 33 321.

Alarmtelefonen for barn og unge kan brukast av både barn, ungdom og vaksne som uroar seg. Nummeret dit er 116 111.

SMISO – Senter mot incest og seksuelle overgrep – har kontor i Førde og har også eit gratis landsdekkande og døgnope telefonnummer for overgrepsutsette.

Nummeret dit er 800 57 000.

I nærmiljøet kan barn og unge vende seg til helsestasjonen, lege eller dei kan snakke med ein lærar eller ein annan vaksen dei stolar på.

Helsestasjonen i Flora har telefonnummer 57 74 00 04.

Helsestasjonen i Bremanger kan nåast via to nummer, til helsesøster Kari J. Rise–959 82 965, eller til Hilde Ommedal Myklebust, som har nummer 907 26 020.

19. november er Verdsdagen for forebygging mot seksuelle overgrep mot barn.

Artikkeltags