Torsdag var første dag i ny jobb for Marianne Kleppe Nordal.

– Eg gler meg til å bli betre kjent med næringslivet i regionen, seier ho.

Opphavleg er Nordal frå Florø, men mesteparten av sitt vaksne liv har ho levd i Oslo og på flyttefot utanlands.

– Eg hadde ikkje trudd at eg skulle komme tilbake til Vestlandet i det heile tatt. Mannen og eg hadde akkurat kjøpt ny leilegheit i Oslo med plass til heile familien då det opna seg ei stilling for han i Førde, som kunne vere aktuell. På det tidspunktet budde vi i Jordan, og vi følte oss heilt galne som bestemte oss for å flytte til Vestlandet, seier Nordal.

Henrik (41) og familien gjer noko annleis ut av pappapermen: Skal bu to månader i Cape Town

Minner frå festivalen som liten

Dei hadde diskutert på førehand at det kunne vere fint om ungane fekk vekse opp i meir landlege omgjevnader. Og plutseleg hadde familien gjort vestlendingar av seg. I 2017 kom dei flyttande til Førde.

– I Oslo jobba eg i eit revisjons- og konsulentfirma. I Førde har eg arbeidd med organisasjonsutvikling på sjukehuset fram til no. Eg var ute i barselpermisjon då denne stillinga som økonomi- og sponsorsjef dukka opp, og den snakka rett til meg. Eg tenkte at det måtte vere rette moglegheita til å prøve noko nytt på.

Nordal har minne frå at ho besøkte Førdefestivalen som liten, og då ho kom tilbake til Førde trefte ho ei som jobbar med festivalen.

– Eg blei heilt imponert då eg fekk innsyn i kor mykje arbeid som ligg bak festivalen, kor mykje den betyr for Førde og at ein kunne ha den som arbeidsplass.

Atle vil bli økonomi- og sponsorsjef i Førdefestivalen. Sjå heile søkarlista

Sponsorar viktigare enn nokon gong

Men ho legg ikkje skjul på at ho har litt nervar i forhold til den nye stillinga.

– Det er jo eit sprang å ta. Frå å berre ha jobba i store organisasjonar tidlegare til å komme til noko som er mindre og meir nært slik som dette. Eg har stor respekt for oppgåva, men mest gler eg meg. Det vi arbeider med her er så utruleg sosialt, fargerikt og energisk, seier Nordal og gjer meg eit strålande smil.

Ifølge Nordal er godt samarbeid med sponsorar viktigare for festivalen no enn nokon gong.

– Tidlegare kunne festivalen leve fint på offentlege midlar, no er dette i ferd med å endre seg. Det gjeld generelt for kulturarrangement. No blir det min jobb å sørge for eit godt samarbeid med sponsorane, slik at dei får mykje att for pengane sine, seier Nordal.

Ho ser allereie fram til sommaren og festivalen som ventar.

– Eg gler meg til å vere med på å arrangere festivalen og alt livet den fører med seg, og å få vere med i den bobla det er. Det betyr så mykje for Førde, og eg trur også at eg kjem til å utvikle meg personleg i denne jobben, seier Nordal.

Her er gjennomsnittsløna i din kommune

Arian (25) har hatt eige program i eitt år. No har ho også fått fast jobb