Gå til sidens hovedinnhold

Seks personar involvert i bilulukke ved Førde

Det gjekk gale på E39 sør om Førde i natt.

I tretida natt til tysdag melde politiet på twitter om ei bilulukke på E39.

Ulukkesbilen skal ha hatt seks personar, og det er ikkje meldt at andre bilar har vore involvert.

Hendinga skal ha skjedd ved Bekkjavatnet, og det skal ha vore glatt føre.

Naudetatane rykka ut til ulukkesstaden, og ambulansepersonell skal ha teke hand om dei involverte. Alle i bilen skal ha vore medvitne etter ulykka, melder Vest politidistrikt.

Kommentarer til denne saken