Seks nye smittetilfelle i Helse Førde sitt område

DEL

(Firda) Torsdag vart det analysert 257 koronatestar. Av dei var seks positive for covid-19.

Dette markerer den 12 dagen med ny koronasmitte i Helse Førde sitt område.

Helse Førde fortel ikkje kva kommunar dei nye tilfella held til i.

Helseføretaket opplyser at tala dei presenterer på sine heimesider ikkje nødvendigvis er endelege tal for Helse Førde sitt område. Prøver teke i området til Helse Førde kan verte analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken