Mattilsynet har på ei veke motteke seks nye meldingar om hundar som har liknande symptom på sjukdom. Tilfella er frå Vest-Agder (2), Nordland, Hedmark og Akershus (2).

– Dette er tilfelle som er meldt direkte til Mattilsynet, og ikkje som tilbakemelding via spørjeundersøkinga som er sendt ut til veterinærar. Spørjeundersøkinga viser så langt at det har vore minst 173 tilfelle med blodig diaré hos hundar, av varierande alvorlegheitsgrad, sidan 1. august, melder Mattilsynet.no.

43 hundar har døydd

Så langt er om lag 43 hundar med liknande symptom på sjukdom døde.

Mattilsynets kartlegging viser at det er nesten 90 forskjellige hunderasar som har hatt liknande symptom.

– Det er viktig å hugse på diaré er eit ganske vanleg symptom hos hundar, men då ofte med mindre akutt sjukdomsgang og alvorlegheit. Det er ikkje alltid smittsamt og tilfella heng ikkje nødvendigvis saman. Alle meldingane om hundar med blodig diaré kan difor ikkje settast i samanheng før vi veit kva sjukdomstilfella faktisk skuldast, seier Mattilsynet.

Det vert jobba vidare med å bearbeide informasjon frå spørjeundersøkinga, samstundes som nye svar kjem inn. Det er eit omfattande arbeid Mattilsynet har med å systematisere data om dei hundane som er meldt inn med desse symptoma og å finne eventuelle fellestrekk. Det vert leita breitt etter moglege årsaker, som virus, bakteriar, sopp, og parasittar.

– Vi følger fleire spor i samarbeid med Veterinærinstituttet i håp å finne årsaka til dei mange tilfella av sjuke og døde hundar den siste tida. Vi har teke imot informasjon om sjukdomstilfelle med liknande symptom frå alle landets fylke. Vi har gått aktivt ut saman med Veterinærinstituttet, NMBU Veterinærhøgskolen og veterinærklinikkar for å innhente informasjon om sjukdomstilfelle. Veterinærar sender også inn prøver frå sjuke hundar, og fleire døde hundar blir obdusert, melder Mattilsynet.

Førebels er det ingen fellestrekk mellom tilfelle av sjuke hundar med omsyn til alder, rase, fôring, kontakt med andre hundar, område og liknande, ut over at mange av tilfella er frå nokre fylke på Austlandet.

Hundeeigarar i Florø er veldig uroa. – Men så langt er det ingen grunn til å vere redd, seier Hanne

På veg ned?

Så langt ser det ut til å vere ein auke i sjukdomstilfelle med blodig diaré på hund frå ca. 20. august i år. Men det ser no ut til at tal tilfelle er på veg ned. Men det kan også skuldast manglande eller forsinka innrapportering til Mattilsynet og Veterinærinstituttet.

I dei fleste tilfella der det bur fleire hundar i same dyrehald, er det berre ein av dei som har blitt sjuke. Dette kan tyde på at ein eventuell sjukdom ikkje er veldig smittsam mellom hundar.

Veterinærinstituttet har obdusert 15 hundar, som alle viser same teikn på blodig tarmbetennelse. Bakterien Providencia alcalifaciens har så langt blitt påvist hos tolv av desse. Bakterien Clostridium perfringens har blitt påvist hos fleire av hundane. Men på noverande tidspunkt kan dei ikkje seier om dette er årsaka.

Veterinærinstituttet og Mattilsynet meiner å kunne utelukke fleire moglege årsaker: Parvovirus, circovirus, coronavirus, parasittane Giardia og Cryptosporidium, miltbrann, EHEC, harepest (tularemi), valpesjuke, bakteriane Campylobacter og Salmonella, gjærsopp og muggsopp, forgifting med rottegift og liknande spesifikke forgiftingar (omfattar ikkje alle typar toksin som kan finnast naturleg). Algeforgifting og flåttbårne sjukdommar er heller ikkje sannsynleg.


Mattilsynet sine råd til hundeeigarar:

  • Begrens nærkontakt med andre hundar, men sørg for at hunden din får den luftinga og mosjonen den treng.
  • Ansamlingar av hundar bør unngåast, eller gjennomførast på ein måte som gjør at kontakten mellom hundane avgrensast.
  • Ikkje la hunden helse eller snuse på andre hundar på tur.
  • Plukk opp avføring etter hunden din og kast det i ein søppelkasse.
  • Unngå at hunden snuser på eller et ting i grøfta der andre hundar har vore.
  • Kontakt veterinæren dersom du oppdagar blodig diaré, oppkast og raskt svekt allmenntilstand hos din hund.
  • Ring veterinæren før du tar med deg akutt sjuk hund til klinikken.
  • Følg vaksineanbefalingane veterinæren gir.