Gå til sidens hovedinnhold

Seks nye koronasmitta i Helse Førde i går

(Firda)

Etter to dagar heilt utan nye koronasmitta dukka det opp seks nye tilfelle tysdag. Av 398 analyserte prøver viste seks seg å vere positive. Dei positive prøvane er tekne i Kinn, Stad og Høyanger kommunar, melder Helse Førde.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Tala omfattar ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium.

Helse Førde har framleis ingen pasientar innlagde med Covid-19. To av dei omlag 3000 tilsette i helseforetaket er heimeverande og sjukemelde grunna korona.

Kommentarer til denne saken