Søndag analyserte Helse Førde 151 prøver. Seks av desse viste seg å vere positive.
Prøvetakingskommunane er Sogndal og Sunnfjord, melder helseføretaket på heimesidene sine.
Fem av desse prøvene er frå Sunnfjord kommune.
– Alle sat allereie i karantene, skriv Furnes i ei tekstmelding til Firda måndag morgon.
Måndag er det to innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte i Helse Førde. Det er ein person meir enn i går.
Ein av dei innlagde får intensivbehandling.
Helseføretaket skriv på sine nettsider at kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.
Kommune for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.
Kommentarer til denne saken