Seks nye korona-smitta
Laurdag melder Helse Førde om seks nye positive korona-prøver.
Fredag 6. november analyserte Helse Førde 299 korona-prøver frå kommunane i dekningsområdet sitt.
Seks av desse viste seg å vere positive for Covid-19. Det er ikkje opplyst kva kommunar desse prøvene kjem frå.
Dei siste vekene har det kun vore ein dag der Helse Førde ikkje hadde ein einaste positiv korona-prøve. Smittepresset i Oslo, Bergen og utlandet påverkar også Sogn og Fjordane. Mange av dei positive prøvene i Helse Førde er tilknytta leigearbeidarar frå utlandet, eller reiser i utlandet.
I november, tIl og med fredag ettermiddag, var det registrert 5 nye positive koronaprøver i Kinn kommune. Dei fleste av desse er frå ein familie med to barn i Storevatn barnehage, smitte som førte til stenginga av barnehagen torsdag:
No har kommunelegen fått svar på alle barnehage-prøvane
Barn frå tre avdelingar i karantene - testinga er i gang
Kommentarer til denne saken