Mjelstad er regional utbyggingsansvarleg for Vestland og er tilfreds med responsen på tilbodet for områda Ålfoten-Bortne, Berle og Kjelkenes til Sørgulen. Det er eit tilbod der staten, fylket og kommunen subsidierer utbygginga for å få moderne datakommunikasjon ut til flest mogleg i vårt langstrakte og kronglete land.
– Vi har kome langt med salsarbeidet og har fått på plass dei naudsynte grunneigaravtalane. Det er framleis tele i jorda, men når den slepp taket, kjem vi til å gje klarsignal til grave- og installasjonsarbeidet, opplyser Mjelstad.
Så langt er fasiten at 240 abonnentar har teikna seg. Eigendelen er på 6500 kroner og huseigar må syte for å grave ned trekkerøyr for fiberkabel frå tomtegrense til husveggen. Framføring til tomtegrense vil variere alt etter topografien i området. Nokon stader kan det gravast ned kabel, medan andre stader må ein basere seg på framføring av signal gjennom lufta.
Korona-epidemien har gjort behovet for breibandsteknologi i heimane til studentar, skuleelevar og folk på heimekontor veldig synleg siste året. .
Sjå tidlegare sak:

– Det skal bli fantastisk med breiband til jul!