Berga 1. div. etter sterk avslutning

PÅ FLORØVIKA I HELGA: Florø Seilforening skal framleis segle i 1. divisjon etter sterk avslutning på Norsk Seilsportliga. Til helga er Florø arrangør fpr Grundig-Cup og då vil du sjå desse båtane på Florøvika. Foto: NSL

PÅ FLORØVIKA I HELGA: Florø Seilforening skal framleis segle i 1. divisjon etter sterk avslutning på Norsk Seilsportliga. Til helga er Florø arrangør fpr Grundig-Cup og då vil du sjå desse båtane på Florøvika. Foto: NSL

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Florø Seilforening stiller i 1. divisjon også neste år etter sterk avslutning på seilsportligaen.

Florøklubben stilte før denne sesongen i det ypparste selskapet i J70-klassen. Det er i alt 15 foreiningar med i Norsk seilsportliga og fire av dei ville rykke ned etter sesongen.

Florø Seilforening er av dei aller minste fereningane som er med, og har lenge vore på nedrykksplass denne sesongen.

"Å klare å halde seg i 1. divisjon er svært oppløftande for ei lita seilforening som oss"

Frode Stavang, leiar Florø Seilforening

Etter helgas serierunde i Bergen blei det likevel klart at Florø Seilforening vil vere eit av dei 15 laga som blir å finne i 1. divisjon også neste år.

– Dette er svært oppløftande for ei lita foreining som oss. Etter at Seilmagasinet tippa oss på ein sisteplass i sin førehandsrangering og ein litt fomlande start i Oslo har det gått betre og betre, seier leiar Frode Stavang. Andre serierunde var i Sandefjord, tredje i Stavanger og siste i Bergen denne helga. Og det var i den siste runden at florøgjengen klatra over streken.

På håret

Det vart til slutt ein 11.-plass på Florø. Beste resultat var i Stavanger med ein 7.-plass og i avslutninga i Bergen fekk dei ein 10.-plass. Det var på håret, men nok til å halde fram i det ypparste selskapet.

– Av dei 15 laga er det fire som rykker ned og med vår 11.-plass greidde vi det akkurat, seier Stavang vel vitande om at laget no dreg med seg erfaring frå denne sesongen slik at dei stiller sterkare til neste år. Og då blir Florø Seilforening berre den andre klubben, saman med Ran Seilforening frå Sotra, som representerer Vestlandet.

Til helga

Per Kristian Byrkjeland, Even og Anja Eide Onstad, Kjetil Karstensen Indrehus, Vegard Reksten Årebrot, Frode Stavang og Astor Hugøy er dei sju seglarane som står bak prestasjonen.

Men sesongen er ikkje ferdig sjølv om seilsportligaen er over. Til helga kjem nemleg KNS frå Oslo med sine fire J70 båtar til Florø. Her skal Grundig Cup-arrangerast. Og for folk som er i byen denne helga vil sjå dei smekre kjølbåtane på Florøvika og Florø Seilforening har planer om stille to lag på heimebane.

Artikkeltags